Den rådgjevande faggruppa har ingen faktisk innflytelse, seier Lillian Støen. Monica Karlsen er ueinig.
I 2004 fekk taterane kollektiv økonomisk oppreisining for overgrepa folket har blitt utsett for. Opprinnelig var det Stiftelsen Romanifolkets/taternes kulturfond som hadde ansvar for å dela ut pengane. I 2017 mista dei denne retten. No er det Kulturdirektoratet som ansvaret og taterane er representerte igjennom ei rådgjevande faggruppe som består av sju personar frå miljøet.
Alibi
Lillian Støen er ein av medlemane i faggruppa. Ho seier til Morgenbladet at faggruppa ikkje blir høyrt.
– Jeg har vurdert å gå ut av faggruppen fordi jeg blir brukt som et alibi på at myndighetene inkluderer folkegruppen. Det gjør de ikke, seier ho.
Støen seier også at ho meiner det er feil at staten har ansvaret for ordninga
– Det er absolutt ikke greit at staten nå har full kontroll over hvordan den kulturen og språket de forsøkte å utrydde i generasjoner, skal bevares fremover, seier ho til Morgenbladet.
Kan bli god
Monica Karlsen er også medlem i faggruppa. Ho seier til Morgenbladet at staten si handtering av ordninga har skapt splid i miljøet. Ho er likevel meir optimistisk enn Støen.
– Jeg føler at Kulturdirektoratet legger opp til mer og mer medvirkning. Jeg tror tilskuddsordningen kan bli god, så lenge man får en litt mer rettferdig fordeling av folkegruppens midler, seier ho til Morgenbladet.
Kjenner til kritikken
Guri Langmyr Iochev frå Kulturdirektoratet seier at dei kjenner til kritikken om at folkegruppa er for lite involvert. Ho seier til Morgenbladet at det er noko dei heile tida jobbar med.
Langmyr Iochev seier at det ikkje umogleg at faggruppa kan få meir innflytelse over kven som får pengar, men at det er vanskeleg fordi miljøet er så lite og mange kjenner kvarandre.