Gå vidare

Fleire tilfelle av politibrutalitet mot reisande i Tyrkia

Det har vore fleire episoder dei siste månadane der politiet i Tyrkia har brukt vald mot reisande, tilsynelatande utan grunn.

Dette er eit skjermbilde frå ein video der politiet tilsynelatande angrip bryllaupsgjester. Foto: Roman Harbor.

Ifølgje European Roma Rights Centre (ERRC) har det vore fleire episodar dei siste månadane der politiet i Tyrkia har brukt vald mot reisande, tilsynelatande utan grunn.

ERRC er ein europeisk organisasjon som jobbar for rom sine rettar. Dei skriv at dei ser eit mønster der reisande er skulda for mindre lovbrot, men der politiet likevel bruker vald. Dei meiner at dette skjer både i Tyrkia og andre stadar i Europa, og at reisande og andre minoritetar opplever det oftare enn resten av befolkninga.

Batong mot bryllaupsgjestar

ERRC nemner to episodar i sommar der tyrkisk politi skal ha brukt vald mot forsamlingar med reisande. Begge har blitt filma.

26. juni rykka politiet ut til eit nabolag med mange reisande i Tekirdağ. Politiet kom for å stoppa eit bryllaup dei meinte hadde vart for lenge. Det skal raskt ha blitt valdeleg.

Den tyrkiske nettavisa Roman Harbor har posta to videoar på Facebooksida deira som skal visa hendinga. Videoane viser at politiet tilsynelatande slår bryllaupsgjestene med batongar.

Nokre dagar seinare skal det ha oppstått ein liknande situasjon i Sakary nær Istanbul. Også her skal politiet ha brukt batongar mot ei gruppe reisande. Blant anna skal leiaren av ein lokal romorganisasjon, Ferdi Sepetçioğlu, ha blitt banka opp.

Eit dødsfall

Begge desse hendinga skjedde i juni. I mai gjekk det endå verre til. Då vart ein mann av reisande slekt drepen av politiet.

Ifølgje lokale myndigheiter i Izmir var mannen skulda for å vera valdeleg mot kona. Då politiet kom stod mannen på ein balkong og nekta koma ned. Han skal ha hatt noko skinande i handa som politiet trudde var eit våpen. Det viste seg å vera ei vasspipa.

Politiet fyrte av to skot og eitt av desse trefte mannen i hovudet. Han døydde av skadane. Myndigheitene seier dei etterforskar hendinga.

Det man ikke vet, har man ikke vondt av?
– Da jeg ble godt voksen og en middelaldrende mann tenkte jeg, nå er det faen meg på tide å få alt på bordet.
– Eg visste at eg var tater, men eg visste ikkje kva det betydde
Johnny Nilsen har lenge vore aktiv i miljøet. Men slik har det ikkje alltid vore. Her er historia om korleis han tok tilbake kulturen sin.

Siste