Mange har nok fått med seg at Riksantikvaren er i gang å kartlegga og bevara kulturminne knytt til taterane.
Som ein del av det arbeidet har alle fylka fått i oppgåve å samla inn informasjon om kulturminne i sitt område.
Eit av fylka som etterlyser hjelp til dette arbeidet er Akershus. Dei skriv at det finst nokre stadar i Akershus med namn som kan knytast til folket. For eksempel er Taterstigen ein populær tursti i Lillestrøm, som skal ha blitt brukt av reisande då dei ferdast langs Glomma.
No ønsker fylket å finna fleire stadar der dei reisande har hatt opphald. Dei skriv at kulturminne som er godt bevart eller spesielt viktige vil ein vurdera å freda eller bevara på andre måtar.
I beskrivinga av prosjektet kjem dei med desse eksempla på kulturminne dei ønsker informasjon om:
- Kulturminne med tilknyting til reise med bil, hest og vogn, fartøy.
- Kulturminne med tilknyting til næring, som smier, marknadsplassar, blikk og
kobberarbeid og handel - Kulturminne som kan knytast til grensekryssande verksemd.
- Kulturminne knytt til Norsk misjon for hjemløses arbeid
- Minnesmerke
- Bygningar/institusjonar, som f.eks. tidligare barneheim
- Stadnamn