– No ser me fram til å vedlikehalde det på ein god, fagleg måte.
Det seier Harry Vinje, ordførar i Våler kommune, i ei pressemelding frå Riksantikvaren.
Kommunen har arbeidd for huset lenge, og Vinje opplyser at kommunestyret heile vegen har vore positive.
Etter ein mangeårig prosess, kan alle som har arbeidd for fredinga endeleg se fram til neste fase.
Harry Vinje er spesielt takksam for alt arbeidet stiftinga Tater-Millas Venner, har gjort for huset.
– Dei tek godt vare på huset, historia og sletta.
Nora Pettersen er leiar av stiftinga, og barnebarn av Tater-Milla. Tidlegare i år skreiv Vandriane om då ho vann kulturprisen til kommunen for alt arbeidet ho gjorde for å halda staden ved like - og ved liv.
– Måtte huset og sletta forbli ein flamme som aldri får slukka, seier Pettersen.
Ho meiner fredningsvedtaket til Riksantikvaren er med å garanterer for framtida til kulturen.
Lillian Støen i Taternes Landsforening er også positiv til fredinga.
– Det finnes få bevarte buplasser, difor er me glade for at Tater-Milla sitt hus blir freda og verna for all framtid.
Det var Taternes Landsforening som sørga for at huset blei kjøpt og restaurert, då det var klart for opning tok Tater-Millas Venner over drifta.