Gå vidare

Fekk 200.000 for å forska på reisande sin mat: – Eg forstår kritikken

Ein av dei større summane som kulturdirektoratet har delt ut i år går til å forska på reisande sin mat.

Flesk er eit eksempel på kva reisande har ete langsmed landevegen, historisk. Foto: Casey DeViese / Unsplash

Kva er eigentleg "tatermat"?

Dei fleste vil nok seia at reisande har ete det same som alle andre, og det er nok tilfellet, trur Rebekka Aletta Skaar. Det er ho som har fått den store summen frå dei kollektive oppreisingsmidlane. Ho vedgår at ho har fått mange reaksjonar på prosjektet, men at dei stort sett kjem av ei misforståing:

– Når eg forklarar det, så får folk fort ein anna tone og vil helst koma med innspel og hjelpa til, seier ho og legg til:

– Men eg forstår kritikken.

Dette er tilskotsordningane
Sjølvsagt kan ein, og bør ein, diskutera om tilskotsordningar er rett verkemiddel, men det kan likevel vera nyttig å ha litt kunnskap om dei ulike ordningane og korleis ein kan nytta seg av dei.

Flesk, brød og sjøfugl

Prosjektet til Skaar handlar ikkje om at taterane har ete spesielt eksotisk mat, ho vil berre kartlegga kva og korleis.

– Folk har stort sett ete det som er tilgjengeleg. Dei eg har snakka med så langt kan stadfesta det.

Blant det som har vore tilgjengeleg listar Skaar opp brød, flesk og elles mykje feit mat.

Det som er spanande, er korleis maten har vore laga ved landevegen.

– Den norske bondekulturen har handla mykje om å dyrka korn og ha dyr. Det er klart dei som har vore reisande har hatt ein annan matkultur.

For eksempel, kan Skaar fortelja at reisande på vestlandet har ete sjøfugl.

– Det er ganske annleis enn den norske matkulturen i områda.

Båtreisande har sjølvsagt laga maten i båtar, noko som også skil seg markant frå dei bufaste.

Kva og korleis dei båtreisande åt, er Skaar interessert i å vita meir om. Foto: Latjo Drom/Glomdalsmuseet

– Har du funnet spor av reisevegen, i matkulturen?

Eg har ikkje funnet noko konkret, enno, men mange eg har snakka med er einige i at det ville vore logisk med påverknad frå for eksempel Sverige, då mange har vore over grensa.

Ifølge Skaar er det likevel nokre fellestrekk på tvers av landegrensene.

– Kva dei reisande har ete, anten det er i Norge, Sverige eller Baltikum, har vore veldig tilpassa lokale forhold.

– Heilt særeige for reisande i Norge

Internt i Norge betyr det at dei som har vore ved kysten, gjerne har ete mykje fisk. I innlandet har det vore meir kjøt, akkurat slik som dei bufaste i områda.

– Elles har dei drive mykje med sanking frå naturen, gjerne bær. Dei har også drive fiske.

Trass i at reisande har vore flinke å tilpassa seg lokale forhold, har ein ting alltid skilt dei ut.

– Det som er heilt særeige for reisande i Norge er kaffi.

Ho kan fortelja om kjelder, både skriftlege og munnlege, som stadfestar at det historisk har vore den første lukta om morgonen, og gjerne ei erstatning for frukost.

– Kaffikulturen til norske reisande står veldig sterkt.

Kunnskapshol

Sjølv om mange vil stussa over at det blir forska på reisande sin matkultur, er det eit poeng å få det nedskrive, meiner Skaar.

Målet hennar er å skriva ein fagartikkel. Slik at kunnskapen kan bli ein del av akademia. Noko ho ikkje er framand for. Tidlegare har ho skrive masteroppgåve om norsk matkultur i mellomalderen.

 – Då var det ingen å intervjua, og eg heldt stort sett på med skriftlege kjelder.

Sjølv om det finnest folk å intervjua denne gongen, vedgår ho at det er komplisert.

– Eg har begynt å snakka med folk som eg har blitt tipsa om, og så skal eg reisa litt rundt og intervjua folk, seier ho og legg til:

– Men det er jo eit generasjonstap her, då det ikkje er folk igjen som lever på den måten. Difor må det vera nokon som hugsar.

Kokebok?

Til vanleg jobbar Skaar som lærar, men takka vera midlane ho har fått kan ho ta seg ein dag fri i veka for å jobba med prosjektet. I alt skal prosjektet gå over halvanna år.

– Og så får me sjå, viss det er nok stoff å bygga på kan det kanskje bli ei kokebok av det, seier ho og legg til:

– Det hadde vore veldig fint.

Siste