Gå vidare

Treng prosjektet ditt tilskot?

Har du eit prosjekt som styrkar reisande sin kultur, historie eller språk?

Foto: Vandriane

Vil du dokumentera eller formidla kunnskap om reisande sin situasjon, eller bidra til å påverka haldningar knyta til folket?

Då kan du kvalifisera til tilskot frå Kulturdirektoratet.

– Tilskotsordningane er avgjerande for at eit bredt spekter av kunst- og kulturuttrykk blir laga, formidla og når ut i heile landet.

Det seier rådsleiar Sigmund Løvåsen i ei pressemelding.

Løvåsen seier det er ein viktig del av ytringsmangfaldet i eit fungerande demokrati, og at dei no ser fram til ein ny runde med søknadar i Kulturdirektoratet. 

Kulturdirektoratet har tre tilskordsordningar for som er spesielt relevante for reisande.

Dette er ordningane

  1. Den kollektive oppreisinga til romanifolket/taterane.

Formålet med denne ordninga er å bevara, utvikla og synleggjera romanifolket/taterane sin kultur, språk og historie.

Den kollektive oppreisinga har søknadsfrist 5. mars.

Her kan de sjå opptak frå rettleiingsmøte om denne ordninga:

  1. Driftstilskot til organisasjonar for nasjonale minoritetar.

Denne ordninga har som formål å styrka kultur, språk og egenorganisering. På nettsida til kulturdirektoratet skriv dei at "Det er et mål at nasjonale minoriteters egne organisasjoner kan fremme sine interesser overfor ulike myndigheter."

  1. Møteplasser og kulturarenaer for romanifolket/taterane

Denne ordningen skal bidra til å etablera og drifta kulturarenaer og møteplassar for romanifolket/taterane. Ordninga har som formål å bevara, utvikla og synleggjera kulturen, språket og historia.

Sjå informasjonsvideo om ordninga her:

Vandriane har skrive om tilskotet for møteplassar før, de kan lesa meir om det ved å følga denne lenkja.

Elles har me også laga ein oversikt i samband med førre søknadsrunde. Her står det også informasjon som kan vera relevant for de som vurderer å søka.

Siste