Gå vidare

Kulturdirektoratet om den nye tilskotsordninga: – Me ser at viss det er noko gruppa ønsker seg så er det møteplassar

Kva er eigentleg den nye tilskotsordninga for «møteplassar og kulturarenaer»? Gro Wærstad frå Kulturdirektoratet forklarar.

Gro Wærstad leiar arbeidet med nasjonale minoritetar i Kulturdirektoratet.

Kort fortalt, er den nye tilskotsordninga pengar som har stått på vent, men som heile tida har tilhøyrt folket.

I 2017 mista Stiftelsen Romanifolkets/taternes kulturfond retten til å dela ut den kollektive økonomisk oppreisninga. I 2019 overtok Kulturdirektoratet. I mellomtida vart det ikkje delt ut midlar. Pengane som skulle blitt delt ut desse åra har stått på vent sidan den gong.

Gro Wærstad i Kulturdirektoratet forklarar at dei har fått i oppgåve å dela ut desse pengane.

– Me ser at viss det er noko gruppa ønsker seg så er det møteplassar. Derfor ønsker å bruka desse pengane til å bidra til nye møteplassar.

Prøver seg fram

Derfor har dei sett opp den nye støtteordninga «Møteplasser og kulturarenaer for romanifolket/taterne».

I motsetning til den vanlege tilskotsordninga kjem ikkje dette til å bli ei årleg utdeling. Kulturdirektoratet kan dela ut opp til 300 000 kroner per søknad i denne runde og møteplass-ordninga kjem til å finnast fram til dei oppsparte midlane er delte ut.

– Me prøver oss litt fram og må sjå kor mange søknadar me får, men me reknar med det kan bli i alle fall éin utlysing til.

Kan ikkje bestemma kva kulturen er

Målet med denne ordninga er altså å etablera «møteplassar og kulturarenaer».

– Kva meiner de med ein møteplass eller kulturarena?

– Det kan enten vera ein plass der gruppa sjølv kan møtast, eller noko som er ope for publikum. Eksempel kan vera forteljarkveldar, språkkafe, musikkarenaer eller kanskje ein båt eller buss som reiser rundt.

brown wooden chisel set on display near different carpentry tools
Kanskje møteplassen kan inkludera ein verkstad? Foto: Nicolas Picard / Unsplash

Eit anna døme kan vera tradisjonelle hus som ein kan opna for folket eller eit publikum – slik ein har gjort med Milla-huset.

– Kanskje nokon vil laga møteplassar som inkluderer ein verkstad der ein lærer vidare tradisjonelt handverk, foreslår Wærstad og legg til:

– Det er folkegruppa sin oppreising. Me kan ikkje bestemma kva den kulturen er, men det må vera noko som fungerer.

Ein plan for planlegginga

Viss ein har eit slikt møteplass-prosjekt ein vil starta opp, kan ein no søka om inntil 300.000 kroner til eit forprosjekt. Forprosjekt betyr at ein får pengar til å planlegga.

– Litt av poenget er at ein ikkje treng å ha alt på plass, men du må visa at du har planar om å planleggja, seier Wærstad.

Det kan bety at ein har ein plan for kven ein skal kontakta, korleis ein kan skaffa finansiering og andre ting som må skje framfor.

– Ein del av planen kan til dømes vera «me planlegg å kontakta sparebankstiftelsen» eller «me planlegg å ha møter med folk for å etablera samarbeid». Ein treng ikkje ha prosjektet klart, men det er viktig å visa at ein veit korleis ein vil jobba vidare med det, seier Wærstad.

Ikkje pengar til drift

I første omgang er det denne type planlegging dei gir støtte til. Seinare kan det bli mogleg å søka støtte til å starta opp møteplassen, men sidan dette ikkje er ei permanent ordning kan dei ikkje gje pengar til drifta tilbodet.

– Det betyr at det er viktig å ha ein plan for korleis ein kan sikra vidare finansiering.

– Kven kan søka? Må ein høyra til folket?

– Nei, det er ikkje ein regel, men me ønskjer at møteplassen skal vera sterkt forankra i gruppa. Men ein kan godt ha samarbeid med andre institusjonar som til dømes kommune eller fylke.

Ta kontakt

Wærstad understrekar at viss nokon har spørsmål er det berre å ta kontakt. Kontaktinformasjon finn ein på nettsida.

– Me er veldig glad for å få dette i gang. Desse midlane har lege ubrukt lenge og me er engasjert i å få dette til. Så me er veldig klare for å hjelpa viss folk tek kontakt, og me avtalar gjerne vegleiingsmøter.

Søknadsfristen er 18. oktober klokka 13.00.


Siste