Gå vidare

Om avisa

Vandriane er ei nettavis som vil skriva om saker som angår folket. Avisa vil vera ei felles plattform for det som rører seg både politisk og kulturelt. Innanriks og utanriks.

Vandriane håper å stimulera til- og opna for diskusjon rundt det som angår folket vårt. Avisa er uavhengig av foreiningane og politikk, og skal ta alle sine stemmer på alvor.

Avisa er gratis. Me som driv denne avisa tener ingen pengar på ho. Alt arbeid gjer me på frivillig basis. Me er elles i fullt arbeid, og publiseringsfrekvensen i Vandriane avheng dermed av kor mykje tid me har til overs.

Me har opna for donasjoner i form av månadlege abonnement. Dette er heilt frivillig, og ikkje nødvendig for å lesa avisa.

Vandriane kjem aldri til å vera bak betalingsmur. Donasjonar går berre til drifta av avisa, ikkje til oss.

Me får ikkje støtte frå tilskotsordningane til Kulturdirektoratet, og kjem heller ikkje til å søka om støtte frå tilskotsordningane.

Vil du hjelpa?

Det er mykje arbeid å driva avis, og me set pris på all hjelp me kan få. Anten det er tips eller innspel. Me vil også veldig gjerne ha spaltistar og debattinnlegg. Ta kontakt på redaksjonen@vandriane.no om du vil bidra.

Me godtar innsendt stoff på bokmål, nynorsk, svensk, dansk og romani. Me overset gjerne engelsk for deg.

Ikkje berre nyheiter

I tillegg til nyheiter vil avisa også vera ein ressurs for tatersamfunnet. Me vil formidla informasjon om arrangement, organisasjonar, støtteordningar og ressursar som kan vera nyttige. Me vil så fort det lar seg gjera, vera ein kjelde til skriftleg romani.

Romani, vandri, tater eller reisande?

Det er over femti registrerte namn på folkegruppa og dei fleste er negativt lada. På slutten av 90-talet vedtok Romanifolkets Landsforening å ta eit av dei tilbake – taterne. Sidan då er dette namnet sidestilt med «romanifolk» i offentlege dokument. Derfor vil me i utgangspunktet bruka dette i saker me skriv, med mindre kjelda vår føretrekk eit anna namn.

Me vil alltid respektera kjelda sitt føretrukne namn.

Andre reisande

Me kjem også til å formidla nyheiter om andre reisande grupper i både Noreg og internasjonalt. Sjølv om ulike reisande folk og grupper er ulike, er det mange felles erfaringer og utfordringar.

Når det gjeld reisande i utlandet er det ikkje så lett å velja eit namn som famnar alle. Då grupperingar og undergrupperingar er annleis. Derfor vil me i utgangspunktet bruka "reisande" som eit samleomgrep i utanrikssaker.