Gå vidare

Ressursar

Nedanfor vil de finna viktige lenker, opplysingar og ressursar.

Tilskotsordningane

Tilskotsordningar er eit av staten sine verkemiddel for å styrkja og bevara kulturen til taterar, og for å kompensera for historisk urett og betra situasjonen for taterar i dag. De får ein oversikt over ordningane her.

Latjo Drom si nettutstilling

Utstillinga er meint å vera ein ressurs for alle som vil læra meir om romanifolket/taterane sin kultur og historie. Anno musea i Hedmark har lagt ut ein video om utstillinga på YouTube. De kan sjå videoen ved å følgja denne lenkja.

NRK sitt fleirkulturelle talentprogram

NRK lyser kvart år ut fem stipendiatstillingar, med søknadsfrist i mars/april. Dei er i hovudsak ute etter journalist/TV-talent som brenner for å fortelja historier, helst med noko relevant utdanning. Opplæring og praksis varer i 10 månader og er betalt.

Samlaget sin forfattarskule for skrivande med minoritetserfaring

Ber du på ein draum om å bli forfattar? Forlaget Samlaget har ein forfattarskule som tek sikte på å få betre mangfald innan nynorsk litteratur. Det er ingen krav at du kan nynorsk, eller at språket er perfekt. Skulen går over eitt år, med fire samlingar. Reise til- og frå skulen blir dekt.

Samarbeidspartnarar