Staten har tatt på seg eit ansvar for å styrka og bevara kulturen til taterane og dei andre nasjonale minoritetane. Tilskotsordningar er eit av verkemidla for å få det til. Det er også ein måte å kompensera for historisk urett.
Sjølvsagt kan ein, og bør ein, diskutera om dette er rett verkemiddel, men det kan likevel vera nyttig å ha litt kunnskap om dei ulike ordningane og korleis ein kan nytta seg av dei.
Gjennom desse ordningane kan ein få økonomisk støtte til små og store prosjekt og arrangement. Per i dag er det fire ulike tilskotsordningar som er spesielt aktuelle for taterar. To av dei gjeld taterar spesifikt, medan to er for alle dei nasjonale minoritetane.
Kollektiv oppreisning til romanifolket/taterne
Den kollektive oppreisningen til romanifolket/taterne deler ut pengar til ulike prosjekt kvart år. Prosjekta må enten bidra til å endra haldningar eller til å styrka og synleggjera taterane sin kultur, historie eller språk.
Blant dei som fekk pengar i år finn me alt frå ein TV-serie til kurs i knivlaging. Det vart også delt ut pengar til bøker, utstillingar og konsertar. Heile lista over dei som fekk midlar finn du her.
Det er Stortinget som vedtar kor mykje pengar som vert delt ut kvart år, og det kan variera. I år vart det delt ut 4,3 millionar kroner. Til saman 27 ulike prosjekt fekk støtte.
Fristen for å søka neste år er 5. mars.
Møteplasser og kulturarenaer for romanifolket/taterne
Det har også komme ei ny tilskotsordning i år. Denne ordninga er spesifikt for å skapa møteplassar for taterar og arenaer der publikum kan få kunnskap om kulturen.
Gjennom denne ordninga kan ein først søka om midlar til eit forprosjekt – altså til å planlegga prosjektet. Viss du får midlar til det, kan du neste år søka om midlar til å etablera møteplassen.
Fristen for å søka har blitt utvida og er no 18. oktober. Det skal vera eit digitalt informasjonsmøte 24. august.
Prosjekttilskudd til nasjonale minoriteter
Sidan taterar er ein av dei fem nasjonale minoritetane i Noreg, kan ein også søka midlar frå tilskotsordningar for nasjonale minoritetar. Dette gjeld også for romar, som også er ein nasjonal minoritet. Romar har ingen eigne tilskotsordningar slik taterar har.
Kulturdirektoratet har to tilskotsordningar for nasjonale minoritetar. Den første av dei deler ut midlar til ulike prosjektet som har som mål å styrka posisjonen til dei ulike nasjonale minoritetane – og deira språk, kultur og identitet.
Denne ordninga kan også gi støtte til samarbeid mellom dei ulike nasjonale minoritetane.
Til liks med ordninga for kollektiv oppreisning til romanifolket/taterne, er det stor variasjon i kva prosjekt som får støtte. Blant prosjekta som fekk støtte i år finn me fleire festivalar – inkludert den internasjonale sigøynarfestivalen Yagori. Det vart òg gitt støtte til blant anna bygging av ei skogfinsk badstove og kurs i tradisjonelt hestehald.
Heile lista finn du her.
Fristen for å søka for 2024 er 5. desember 2023.
Driftstilskudd til organisasjoner for nasjonale minoriteter
Det finst også ei tilskotsordning for frivillige organisasjonar som jobbar for dei nasjonale minoritetane. Staten har eit mål om at dei nasjonale minoritetane skal ha sine eigne organisasjonar som kan representera dei.
Det betyr at organisasjonar som arbeider for å sikra rettane til taterar og ta vare på kulturen, og der dei fleste av medlemane er taterar, kan søka.
For 2023 fekk Landsorganisasjonen for Romanifolket og Taternes Landsforening midlar frå denne ordninga. Ingen organisasjonar som representerer norsk rom søkte.
Heile lista finn du her.
Fristen for å søka for 2024 er 5. desember 2023.