Gå vidare

Mange ungdommar har aldri høyrt om taterar: – Det er eit gap mellom politikk og praksis

Norske elevar har rett til å læra om dei nasjonale minoritetane. Likevel seier ein av fem under 30 år at dei aldri har høyrt om taterar.

Peter Dawson er seniorrådgjevar i NIM. Deira rapport frå 2022 viser at mange i Noreg har lite kunnskap om dei reisande. Foto: Hanna Johre/NIM

I 2022 kom Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM) med ein rapport som viste at 86 prosent av nordmenn over 18 år lærte lite eller ingenting om reisande på skulen. 75 prosent sa at dei framleis har lite eller ingen kunnskap om taterar.

Ikkje ein gong høyrt om

I same undersøking spurte ein om folk hadde høyrt om romanifolket/taterane. Det viste seg at nesten alle - 97 prosent - over 60 år hadde høyrt om taterar, men at talet var lågare for dei yngre. Berre 82 prosent av dei under 30 år sa at dei hadde høyrt om gruppa.

Nesten 20 prosent av dei yngre hadde altså aldri høyrt om taterar.

Dei fleste i Noreg har høyrt om romanifolket/taterar, men tala var lågare for dei yngre. Skogfinnar er den nasjonale minoriteten færrast har høyrt om. Foto: NIM

Rapporten tyder heller ikkje på at undervisninga i skulen er god nok.

I følge resultata har undervisninga om samar og jødar blitt betre over tid, mens det ikkje har blitt noko meir undervisning om kvenar, skogfinnar, romar og taterar.

Tydeleg vektlagt i læreplanane

Peter Dawson er seniorrådgjevar i Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM). Han trur funna frå 2022 framleis stemmer i dag.

Dawson seier at det ikkje er læreplanane som er problemet.

– Nasjonale minoritetar er tydeleg vektlagde i overordna del av læreplanen og i dei ulike faga i grunnskulen, og i verdigrunnlaget i retningslinjene som gjeld lærarutdanningar.

Læreplanane gjer det altså heilt klart at elevar skal læra om dei nasjonale minoritetane. Likevel ser det ut som det ikkje skjer.

– Det er eit gap mellom politikk og praksis, seier Dawson.

Må begynna med lærarane

Ifølgje Dawson viser forsking at kunnskap om nasjonale minoritetar ofte blir nedprioritert i skulen og lærarutdanninga fordi det er for vanskeleg å finna dei menneskelege, økonomiske og pedagogiske ressursane.

Det kan blant anna bety at dei som skal læra det vekk sjølv manglar kunnskap.

I undersøkinga svarte dei fleste at dei lærte lite eller ingenting om romanifolket/taterar på skulen. Foto: NIM

Dawson peiker på at viss ein vil nå måla i læreplanen så må ein begynna med lærarane og lærarutdanninga.

– Etter NIMs syn er det eit klart behov for eit nasjonalt kompetanseløft for alle lærarar og lærarutdanningar, dersom dei overordna måla i læreplanane og retningslinjene for lærerutdanninga skal implementerast, seier han.

Udir er einige

Maria Grythaugen er seniorrådgivar i Utdanningsdirektoratet (Udir). Ho seier dei deler bekymringa om mangel på kunnskap om dei nasjonale minoritetane, og er einige i at barnehagane og skulane er viktige for å fremma kunnskap.

– NIM-rapporten, Sannhets- og forsoningskommisjonens rapport og tilbakemeldingar som me har fått frå organisasjonane for dei nasjonale minoritetane framhevar alle at det er for lite kunnskap om dei nasjonale minoritetane i Norge, seier ho.

Dei fleste svarte også at dei har lite eller ingen kunnskap om romanifolket/taterar i dag. Foto: NIM

Nye læreplanar

Ho seier Utdanningsdirektoratet jobbar med korleis dei kan bidra til å auka kunnskapen. Blant anna har det blitt gjort viktige endringar i læreplanverket dei siste åra.

– Det kom nye læreplanar i 2020. I desse er det auka fokus på de nasjonale minoritetane. Det har kome fleire kompetansemål der det står eksplisitt at elevane skal ha kompetanse om våre nasjonale minoritetar:

Døme på kompetansemål:

  • Læreplan i samfunnsfag, kompetansemål etter 7. trinn: Elevane skal kunne utforske hovudtrekk ved historia til samane og dei nasjonale minoritetane i Noreg og presentere rettar samane og dei nasjonale minoritetane i Noreg har i dag.
  • Læreplan i samfunnsfag, kompetansemål etter 10. trinn: Elevane skal kunne gjere greie for fornorsking av samane og dei nasjonale minoritetane og uretten dei har vore utsette for, og reflektere over konsekvensar det har hatt og har på individ- og samfunnsnivå.
  • Læreplan i KRLE, kompetansemål etter 7. trinn: Elevene skal kunne gjøre rede for historien til kristendom og andre religioner og livssyn i Norge, inkludert samers og nasjonale minoriteters religions- og livssynshistorie.
  • De nasjonale minoritetene er også omtalt i rammeplanen for barnehagen: Fagområdet skal omfatte kjennskap til samisk språk, kultur og tradisjon og kjennskap til nasjonale minoriteter.

Sjølv om Grythaugen seier at dei nasjonale minoritetane er godt representert i læreplanane, så er det kvar enkelt skule som har ansvar for at læreplanane blir følgde.

– Me har derfor ikkje detaljert kunnskap om kva som skjer på kvar enkelt skule og kan ikkje vurdera kvaliteten på undervisninga i det enkelte klasserom, seier ho.

Nye nettressursar

Grythaugen seier dei også jobbar med å laga materiell som skular og barnehagar kan nytta i undervisninga. Udir har allereie denne typen støttemateriell på nettsidene deira, men Grythaugen seier dei er i gang med å planlegga ein større revisjon av dette materialet.

– I dette arbeidet vil dei nasjonale minoritetane vera viktige støttespelarar og samarbeidspartnarar. Det er viktig at det som står på udir.no gir eit riktig bilde av minoritetane og me har også tidlegare fått veldig god hjelp fra organisasjonane for dei nasjonale minoritetane. Det er me veldig takknemlege for.

Siste