Gå vidare

Vil laga ein grammatik for romani: – Det viktigaste er at det er autentisk

Sergej Munkvold bruker gamle bøker for å sjå om gamle romaniord framleis er i bruk. Illustrasjonsbilde: Kelly Sikkema / Unsplash

Sergej Munkvold har arbeidd med romani sidan 2014. I første omgang med ei rekke småprosjekter, blant anna artiklar, ordliste og ein app. Dei siste åra har det trappa seg opp, og no står han bakom Romanifolket/taternes språkråd.

– Kva er Romanifolket/taternes språkråd?

– Det er ein organisasjon som driv med språket, og arbeider meir opp mot kunnskapen om språket, svarar Munkvold.

Han forklarer vidare at arbeidet går mykje på å skriva ned ord slik at dei ikkje går i gløymeboka. Eit arbeid som i stor grad går føre seg på Glomdalsmuseet, gjerne med noko mat og sosialt attåt, legg Munkvold til.

Formålet med samlingane på Glomdalsuseet er å sjekka om ord faktisk er i bruk – eller om folk kan hugsa at dei har vore i bruk. Vandriane var med på ei slik samling over nett. Der tok dei føre seg Ragnvald Iversen si bok frå 1944, og kryssjekka gamle ord for å sjå om dei framleis er i bruk hos dei oppmøtte.

– Me vil ha autentiske setningar, og finna ut kva folk faktisk seier.

– På austlandet?

– Det er jo litt variasjon der, me har folk som kjem frå Magnor, Brummundal, Vestfold og folk som køyrer frå Oslo.

Kva med vestlandet?

Munkvold vedgår at det er austlandstungt, men meiner ikkje det er eit problem. Tvert om er det slik det må bli:

– Skulle me hatt ei samling i Bergen, så trur eg ikkje det hadde kome så mange, og blant dei som hadde kome så er det nok mange som ikkje har levd i kulturen.

Og om det hadde vore tilfellet, kunne ikkje språkgruppa gjort det ho er til for - nemleg å utforska kunnskapen til dei som alt kan språket, eller hugsar den eldre garde.

– Det ville vore meir undervisning enn utforsking, seier Munkvold.

Han har likevel gjort eit forsøk med å samla ord frå vestlandet, men då trefte han på eit anna problem.

– Eg har intervjua taterar frå vestlandet, og gjort ei gransking. Det viser seg at opp mot halvparten av orda er ulike.

Etter det Munkvold erfarer, vil han grovt sett dela inn romani i to grupper. Austlandet og Trøndelag i ei gruppa, og Vestlandet ned mot Sørlandet i ei anna gruppa. Det sistnemnde språket er såpass ulikt, og lite utbreidd at Munkvold ikkje ser det som realistisk å jobba opp mot på same måte som det langt større og breiare snakka språket på austlandet/Trøndelag. Munkvold eksemplifiserer forskjellen med orda hår og tråd:

– "Tav" betyr tråd på austlandet, men på vestlandet betyr det hår. Ordet for hår på austlandet er derimot "bal", seier han og legg til:

– Det hender dei på vestlandet bruker orda i ei anna tyding, eller eit heilt anna ord, og gjerne av litt obskurt opphav.

Planane framover

Romanifolkets språkråd er prosjektet som har blitt tildelt mest midlar av den kollektive oppreisinga. På tildelinga står det at dei skal skriva ein grammatikk. Munkvold greier ut:

– Det er eit treårig prosjekt, og det er først og fremst ein "deskriptiv" grammatik.

Det betyr at dei ikkje kjem til å finna på nye ting, elle rekonstruera språket. Men heller skildra det som allereie er, ved å gå i gamle kjelder og i folket sjølv for å sjå kor vidt det er grunnlag for grammatikken. Her kjem språkgruppa inn igjen.

– Me vil høyra fleire personar sine meiningar om ord eller språklege fenomen. Det hender ofte at me høyrer ein person seia noko, og så lurar me på om et stemmer. Etter kvart dannar det seg eit bilde av kva som er mest vanleg.

På spørsmål om dei vil laga eit standardisert språk, seier Munkvold at det ikkje er store nok forskjellar til å snakka om ei standardisering. Om ein ser vekk ifrå vestlandet.

Elles vil dei også laga rettskrivingsprinsipp, og etter kvart skal dei laga nokre tekstar.

– Det viktigaste er at det er autentisk, så me legg det stadig fram for folk og spør om det er noko dei ville sagt.

Å laga reglane for språket er ein ting. Til sjuande og sist er det opp til folket å bruka reglane.

– Det er ikkje gitt at folk tar det i bruk, seier Munkvold.

Siste