Gå vidare

– Korfor finst det ikkje eit einaste offisielt namn på romani?

Tidlegare i haust stemde byrådet i Bergen ned eit forslag om å gje Bergen eit offisielt namn på romani – Bærna-fåron. Foto: MAO YUQING / Unsplash
Dette er eit lesarinnlegg, og gir uttrykk for innsendaren sine haldninger.

Av ein anonym innsendar

Tidlegare i haust var det diskusjon rundt at Raudt og SV foreslo at Bergen skulle gjere dei samiske, kvenske og romani namna på byen offisielle. Vent, ROMANI? Ja, nettopp! Bærna-fåron var foreslått  som offisielt namn på Noregs nest største by, men det vart det ikkje noko av. Faktisk finst det ikkje eit einaste offisielt namn på byar, tettstader, fjell, elver eller andre stader på romani. Det er diskriminering. 

I 1995 lanserte Europarådet Rammekonvensjonen om beskyttelse av nasjonale minoritetar.  Konvensjonen kom på grunn av ei auke i merksemda rundt situasjonen til minoritetane i Europa. Historisk har mange minoritetar vorte diskriminert og forfølgde. No tok Europa eit felles oppgjer mot det for å sikre menneskerettar for alle folkegrupper på kontinentet. I rammekonvensjonens artikkel 11  står følgande:

«I område som tradisjonelt er bebudd av eit betydeleg antal personar som tilhøyrar ein  nasjonal minoritet, skal Partane innanfor ramma av sitt rettssystem, irekna avtaler med andre statar der det er aktuelt, og under omsyn til sine særeigne forhold, søkje å framvise tradisjonelle stadnamn,  gatenamn og andre topografiske opplysningar berekna på allmenta, også på minoritetsspråket når det er tilstrekkeleg etterspørsel etter slike opplysningar».

Noreg ratifiserte rammekonvensjonen i  1998. 

Som følgje av rammekonvensjonen slutta Noreg seg til minoritetsspråkpakta i 1998. Her vert det slått  fast at eit vern om historiske minoritetsspråk i Europa bidreg til ei vidareføring og utvikling av  minoritetanes kultur og tradisjonar. I den nye språklova som tredde i kraft i 2022 står det slått fast at «som språklege og kulturelle uttrykk er kvensk, romani og romanes likeverdige med norsk». Så om  staten har ratifisert en konvensjon som oppfordrar til å bruke stadnamn på minoritetsspråk, lova å beskytte minoritetsspråk, og offisielt gitt dei språkleg og kulturell likeverd med norsk, korfor finst det  ikkje eit einaste offisielt namn på romani? 

Nokre stadnamn på romani

Bergen – Bærna-fåron

Dovre – Jemlon 

Finnskogen – Lallaló-vesjan 

Fredrikstad – Frøydi-fåron 

Glomma – Baro-pani 

Gudbrandsdalen – Gula 

Halden – Sals-fåron 

Hamar – Dankrus-fåron

Hedmark – Hea 

Hønefoss – Kakkni-fåron 

Noreg – Dánniken, Nårge 

Oslo – Baro-fåron, Gærna-fåron

Romsdalen – Pánian, Pániantemm

Røros – Lålo-fåron, Lådo-fåron

Trondheim – Trøntus-fåron

I Noreg er det stadnamnlova som gjer grunnlag for arbeidet med stadnamn i Språkrådet og Kartverket. Formålet med lova er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne og gje dei ei  skrivemåte som reflekterer meininga av namnet, samt å medverke til kjennskap og aktiv bruk av  namna. Noreg har ei lov (språklova) som hevdar at romani er kulturelt likeverdig med norsk, og ei anna lov (stadnamnlova) som krev vern av stadnamn fordi dei er kulturminne. Samstundes har regjeringa ratifisert ein konvensjon som oppfordrar til bruk av stadnamn på minoritetsspråk.

Likevel nemner ikkje stadnamnlova romani ei einaste gong. Berre norsk, samisk, kvensk og skogfinsk er nemnde. 

Tilbake i 2021 la Solberg-regjeringa fram ei melding til Stortinget om politikken ovanfor dei nasjonale  minoritetane (Meld. St. 12 – Nasjonale minoriteter i Norge – En helhetlig politikk). I stortingsmeldinga  står det at «å sjå sitt eiget språk i bruk i det offentlege rom er med på å gje språket status. Det kan også bidra til auka bruk av språket på andre område». Regjeringa argumenterer for stadnamn på minoritetsspråk! MEN samstundes står det at «eventuelle stadnamn på romani […] er ikkje omfatta av stadnamnlova, først og fremst fordi det ikkje er dokumentert eigne stadnamn for [dette språket]». 

Korleis kan Raudt ha foreslått å bruka eit romani stadnamn om det ikkje finst? 

Saken er den at det finst mange dokumenterte stadnamn på romani i Noreg. På reisendekartet.no finst det ei samling av dokumenterte stadnamn. Nokre av kjeldene er meir enn 150 år gamle! Etter 150 år med dokumenterte stadnamn på romani hevder regjeringa at dei ikkje finst. Usynleggjeringa  av romani kultur held fram. Ikkje berre på museum som Norsk folkemuseum, men òg hos Kartverket,  regjeringa og Språkrådet.

I Bergen argumenterte Byråd for klima, miljø og byutvikling for å ikkje gjere dei foreslåtte namna offisielle. Birgon og Peruna, det høvesvis nordsamiske og kvenske namnet, bør ikkje bli offisielle fordi dei ikkje er tradisjonelt brukt av lokalbefolkninga. Samar og kvenar har ikkje tradisjonelt budd i Bergen. Bærna-fåron og romani er ikkje ein gong nemnt i svaret. Truleg fordi dei ikkje veit at  romanifolk har budd her i landet i over 500 år! Mange reisande har òg budd i og rundt Bergen. Den eldste kjelda på namnet er i følgje Reisendekartet frå 1944, men namnet kjem frå dialekt-forma Bern, ikkje Bergen. Forma Bern er dokumentert frå mellomalderen, så romani namnet kan vere mykje eldre sjølv om det først er skrive ned i 1944. Svaret frå byrådet viser berre enno ein gang kor lite kunnskap det finst i samfunnet om romanifolket. 

Om romani kultur er likeverdig norsk kultur etter norsk lov, korfor skal ikkje romani kulturminne vernast?

I stortingsmelding skriv regjeringa videre at «om det skulle vere aktuelt å fastsette skrivemåten av stadnamn på romani […], måtte ein også ha tatt stilling til kva for rettskrivingsprinsipp som skulle  brukast, sidan det ikkje er vedteke eigen rettskriving for [dette språket]». Men i same  stortingsmelding skriv dei òg at «Språkrådet bidreg til å utvikle skriftspråksnormer for romani […] i  tett samarbeid med språkbrukarane. Skriftspråksnormer for romani […] vil kunne styrke [språkets] status, auke antalet språkarenaer og vidareføre og auke antalet språkbrukarar». I boka «Namn i det fleirspråklege Noreg» frå 2016 bruker professor Rolf Theil «norsk romani-rettskriving» når han skriv om romani stadnamn. I tillegg er boka «Vandriane rakkrar» frå 2014 skriven på romani. Kor mykje meir rettskriving treng ein før namna kan bli omfatta av stadnamnlova? 

Eg vil foreslå for organisasjonane for romanifolket å jobbe for ei endring av stadnamnlova.

Om romani kultur er likeverdig norsk kultur etter norsk lov, korfor skal ikkje romani kulturminne vernast? I arbeidet med å endre lova vil eg anbefale å søkje støtte hos dei andre språklege minoritetane som ikkje får sine stadnamn verna. Det gjeld skogfinnane, umesamane og pitesamane. Skogfinske stadnamn må følgje norsk rettskriving for å bli verna, det gjer at mange stadnamn ikkje blir tekne vare  på! Svullrya på Finnskogen, som er eit sentrum for skogfinsk kultur, står berre som Svullrya hos Kartverket. Same gjeld på vegskilta i området. Det skogfinske Kangas («Moen») er ikkje å sjå nokon stad! Området heiter berre Finnskogen offisielt, ikkje skogfinsk Suomalaismehtä eller romani Lallaló vesjan. Umesamisk og pitesamisk rettskriving er også ferdige, men regjeringa har ikkje opna opp for å  bruke dei i offisiell samanheng. Det gjer at pitesamiske namn vert omgjorde til lulesamiske, og umesamiske namn vert plutseleg til sørsamiske. Det er på tide at regjeringa tek tak og vernar om dei  mest sårbare språka i Noreg.

Synleggjering gjennom stadnamn kan vere med på å spreie merksemd  og kunnskap som er sårt trengt!

Siste