Gå vidare

Norsk Folkemuseum: - Har ikkje fått den plassen det fortenar

Tove Wefald Pedersen er avdelingsdirektør ved Norsk Folkemuseum. Foto: Privat

I ein nyleg diskusjon på facebook blir det hevda at Norsk Folkemuseum ikkje vil formidla taterane sin historie.

Tove Wefald Pedersen er avdelingsdirektør ved museet. Ho seier til Vandriane at det er meir komplisert enn som så.

Ulike ansvarsområde

Pedersen kan bekrefta at museet ikkje har utstillingar om reisande, men seier det handlar om at musea har ulike ansvarområde.

– Dei nasjonale minoritetane er fordelt på musea i Noreg, og det nasjonale ansvaret for taterane sin kultur og historie er lagt til Glomdalsmuseet. Derfor har ikkje me bygd opp eigne samlingar på Norsk Folkemuseum, forklarar ho.

Pedersen legger til at taterane er ein viktig del av norsk kulturhistorie.

– Ikkje fått den plassen det fortenar

På nettsida til museet står det at dei har som mål å gi eit breitt bilde av dagleglivet i Noreg frå 1500-talet og til dags dato. Det er like lenge som taterane har vore i Norge, og vore ein viktig del av norsk daglegliv, kultur og samfunn.

– Korleis kan de hevda å formidla norsk kulturhistorie dei siste fem hundre åra, utan å nemna taterar?

– Me skal formidla norsk kulturhistorie, inkludert nasjonale- og nye minoritetar. Men som enkeltmuseum klarer me ikkje å dekka alt åleine. Derfor er me glade for at Glomdalsmuseet har eit særskilt ansvar for romanifolkets/taterane sin kultur og historie.

– Er ikkje det ein vesentleg mangel ved utstillinga dykkar, då?

– Det er ein viktig del av vår nasjonale historie som ikkje har fått den plassen det fortenar, seier ho og legg til:

– Me jobbar heile tida med å forbetra oss, og har fokus på betre representasjon av alle minoritetar i planane våre. Også i kommande utstillingar.

Siste