Gå vidare
FolkKultur

– Takk for at de gir denne prisen til ei enkel taterjente

Nora Pettersen fekk pris for arbeidet ho gjer med Milla-huset. Men for Nora sjølv er det ikkje arbeid – det er livet hennar.

Nora Pettersen opptrer i lag med Jim Roger Pettersen og andre familiemedlemar som ein del av framsyninga «Dei strauk langs vegane». Her frå Setesdal Folkemusikkfestival, som dei opna. Foto: Geir Daasvatn.

Første gongen Nora Pettersen stod ved grava til faren var ho 12 år gammal. For nokre veker sidan stod ho der igjen.

Då fortalde eg han og mamma at «no har eg fått kulturprisen».

Veldig sterkt

Nora Pettersen er barnebarnet til Tater Milla og oldebarnet til Stor-Johan. No driv ho Milla-huset og Tater-Millas venar. I tillegg jobbar ho med historieformidling og opptrer med tradisjonell musikk.

For det arbeidet fekk ho Våler Kulturpris i år.

Det er ein pris som går til eit fellesskap, seier Nora. Ho understrekar at ho gjer ingenting av dette åleine. Likevel var det stort å få prisen.

Det var veldig sterkt. Eg visste ingenting.

Skrudde på kranen

Prisen vart delt under Vålerdagane. Nora var der med barnebarna sine. Dei hadde nett vore på skattejakt, fortel ho. I Våler sentrum pågjekk det ein politisk debatt og ho sette seg ned for å høyra på.

Då debatten var over skulle ordføraren dela ut årets kulturpris.

Nora fortel at ho ikkje tenkte tanken på at det kunne vera ho. Ho forstod det ikkje ordføraren las at «denne personen har deltatt i to svenske fjernsynsprogram om reisande».

Først då tenkte ho at dette må vera meg.

Då var det akkurat som om dei skrudde på kranen. Eg klarte ikkje slutta å grina. Eg gjekk opp på scena og sa «takk Våler for at de gir denne prisen til ei enkel taterjente». Og så grein eg.

Frå scena såg Nora i retning jernbana der huset «Brakka» ein gong stod. Foreldra hennar budde der. Me «kamma kji» pleidde mora å seia om oppveksten – me hadde ingenting.

Kaffi på kjelen

Ein av tinga Nora fekk prisen for var arbeidet med Milla huset. Huset var eit samlingspunkt for taterar då bestemora budde der på sine eldre dagar. Det skal det fortsetta å vera, meiner Nora.

Milla-huset og Milla-sletta er folket sitt. Det er noko ekte og levande, og slik skal det halda fram.

I heile juni er huset opent. Viss flagget er ope er det kaffi på kjelen. Då er det berre å koma innom. Viss ho er ute, men snart kjem igjen er kosten på døra.

- Norsk kulturhistorie blir mykje fattigare utan tateren. Me har med oss mykje tradisjon i familiane, seier Nora Pettersen. Foto: Geir Daasvatn.

Dei har òg fleire faste arrangement.

Kvar sommar er det Milla-marknad. Då kjem folk og kjøper og sel. Det vert handla slik det alltid har vorte gjort.

Då høyrer ein språket og musikken. Det vert eit tradisjonelt samlingspunkt.

Bygdefolket er òg invitert. Det er naturleg for Nora.

Det vår felles historie. Bygdefolket og taterane har alltid handla med kvarandre.

Ho er opptatt av at alle skal vera velkomne. Oldefaren, Stor-Johan, hadde mange ungar sjølv, men tok likevel til seg sankebarn i tillegg, fortel ho. Det er i hans ånd at huset er ope for alle.

Ikkje ein hobby

Kvar sankthansaftan har dei piknik og feiring på Milla-sletta. Der òg skal det vera plass til alle.

Nokre er meir integrerte enn andre, men alle er velkomne. Det er det same om du er oppvaksen i kulturen eller om du nyleg har oppdaga at oldefaren din var tater. Me skal finna ein godplass til deg uansett.

I løpet av året har dei òg grendegudsteneste, juleverkstad og i romjula køyrer dei alltid kanefart til kyrkjegarden for å leggja kransar på gravene til blant anna Stor-Johan og Tater-Milla.

– Kor mykje du tid brukar du på dette?

– Tid? Dette er ikkje ein hobby, dette er livet mitt. Me har levd i og med dette heile livet, seier ho og legg til:

Når det er så mykje tater i nokon som det er i meg, då er det vanskeleg å vatna ut ein einaste drope.

Det er viktig å forstå, seier Nora. Tater-Milla sitt hus og Milla-sletta omtalast som ein formidlingsstad skapt av folket. Det er ikkje ei utstilling.

Her lever me. Dette er ein levande kultur.

Ei verdig kulturarv

Me går tilbake til då ho stod der på grava til faren og fortalde han om prisen.

– Kva sa du til han?

Eg sa takk for dei grunnverdiane han og mamma gav meg. Dei lærte meg hjartelag og om likeverdet til alle menneske. Og dei lærte meg at det er ei verdig kulturarv me vidarefører.


Slapp debutalbum med taterviser: – Det var litt skummelt å røra den arva
Når Vidar Karlsen Kolbu trår inn i tatermusikken si verd, er den erfarne musikaren plutseleg på bar bakke.
– Eg visste at eg var tater, men eg visste ikkje kva det betydde
Johnny Nilsen har lenge vore aktiv i miljøet. Men slik har det ikkje alltid vore. Her er historia om korleis han tok tilbake kulturen sin.

Siste