Gå vidare
FolkKultur

Slapp debutalbum med taterviser: – Det var litt skummelt å røra den arva

Når Vidar Karlsen Kolbu trår inn i tatermusikken si verd, er den erfarne musikaren plutseleg på bar bakke.

Vidar Karlsen Kolbu og broren Roger Fagerli Karlsen har samarbeida om å laga den aktuelle plata. Foto: Stian Molberg

Namnet på debutplata, «Ukjint vandrar», er inga tilfeldigheit. For når Vidar Karlsen Kolbu trår inn i tatermusikken si verd, er den erfarne musikaren plutseleg på bar bakke.

– Det er tre-fire kjemper som har hatt miljøet for seg sjølv, og så kjem eg no som ein slags underdog – ein ukjent vandrar.

Vidar har lang fartstid i det populære bygderockbandet Spelloppmaker, men då han skulle laga sitt første soloalbum, valde han altså taterviser.

– Det er viktig å minna folk på desse visene, elles blir dei borte, seier han om sjangerbyte og legg til:

– Eg er frå taterslekt sjølv, og har alltid vore fascinert av musikken der. No bestemte eg og bror min oss for å gjera ein innsats for å formidla musikken vidare.

– Vil aldri bli pop

Dei utvalde visene er blant anna gamle slagerar som «Fant-Sonja» og «Se min ild», men med ein vri. Vidar har nemleg modernisert dei – men ikkje for mykje.

– Det vil aldri bli pop, forsikrar han.

Men noko meir kommersielt har det blitt.

Ifølgje Vidar har taterviser tradisjonelt bore preg av å vera «stevete». Takt har vore mindre viktig og vokalen noko meir flytande.

No gir han songane nytt liv i countrydrakt.

– Det er rett og slett fordi det er den sjangeren eg er komfortabel med, seier Vidar og legg til at sjangeren passar dei gamle tekstane godt.

Foto: Stian Molberg

Årsaka til at akkurat desse visene har fått nytt liv som countrysongar er enkel:

– Det er dei eg likar best av dei som er kjende.

Då han hadde valt ut songane, handla det om å finna seg sjølv i dei. Difor er alle songane omsette til tjukk solung-dialekt.

– Det har vore viktig for meg å synga på solung. Dialekta er godt eigna til song.

«Ukjent vandrar» er forresten «ukjint vandrer» på solung.

Respons og framtid

Ifølgje Vidar har responsen vore veldig bra så langt.

– Det var litt skummelt å røra den delen av arva mi, men det ser heldigvis ut som det slår han, seier Vidar. Han er godt nøgde med mange fine og positive tilbakemeldingar.

– Kjem det meir?

– Ja, seier Vidar bestemt på spørsmålet.

Sjølv om debutplata er rykande fersk, har han klart for seg kva neste prosjekt skal innehalda.

– Me vil leita fram dei meir ukjente songane, dei som ikkje er å finna på opptak no.

Dei har allereie prata med folk i både aust og vest som har tekstar liggande.

Men først må turnésommaren med Spelloppmaker gjerast unna. Deretter har han allereie fått fleire førespurnader om å framføra «Ukjint Vandrer». Nøyaktig kor og kor tid vil han ikkje avsløra heilt enno.

De kan høyra på plata her:

Siste