Gå vidare

– Eg visste at eg var tater, men eg visste ikkje kva det betydde

Johnny Nilsen har lenge vore aktiv i miljøet. Men slik har det ikkje alltid vore. Her er historia om korleis han tok tilbake kulturen sin.

I dag er Johnny Nilsen stolt av å vera tater. Slik har det ikkje alltid vore. Foto: Ingeliv Aadland.

Johnny Nilsen serverer kaffi i campingvogna si i Lærdal. Han og kjærasten har vore på tur i 14 dagar. No skal dei snart heim igjen til Vaksdal.

Johnny Nilsen er etter kvart eit kjent namn i miljøet. Han har vore nestleiar i to foreiningar, skrive bok og laga ei fast utstilling om båtreisande i Vik. Han har også vore med å få sett opp fleire minnesmerke, statuar og plakettar over reisande og reisande sin historie.

Men det var ikkje før han vart godt vaksen at det å vera av reisande slekt vart ein stor del av livet hans.

Kva ord bruker du?
Eg brukar tater om meg sjølv, men eg kallar ikkje nokon andre for tater. Då seier eg reisande.

Lærte frå bygda

Me går tilbake til starten. Det var far til Johnny som var reisande. Han ville ikkje at barna skulle vita om det i det heile. Det prega oppveksten til Johnny og søstera.

Eg visste at eg var tater, men eg visste ikkje kva det betydde.

Sjølv om faren ikkje vil snakka om det, lærte Johnny frå bygda at han var tater.

– Dei fleste behandla meg som alle andre, men det var nokon som gjorde det klart at det ikkje var ein bra ting å vera tater.

Far til Johnny ville ikkje at barna skulle læra kulturen. Likevel hadde dei ofte slektningar på besøk og reiste på tur i lag med dei. Johnny hugsar at dei ein gong improviserte ein grill ut av ståltråd. Slike ting gjorde inntrykk. Foto: Ingeliv Aadland.

Han hugsar nokre vennar som plutseleg ikkje kunne leika med han lenger. Foreldra hadde gitt dei beskjed om å ikkje leika med «fantungen».

– Til og med mamma kalla pappa for jævla tater når ho var forbanna på han, seier Johnny.

Læraren som nesten øydela alt

Det verste var ein lærar. Han tok over Johnny sin klasse då dei gjekk i fjerde.

– Han visste kva folk eg var av. Derfor ville han ikkje læra meg nokon ting. Han sa rett ut at du skal bli slaur, seier Johnny.

Det vart starten på det han kallar eit trist kapittel i livet. Han var berre eit barn og trudde på det læraren sa.

– Eg skjønte ikkje kvifor han behandla meg slik, så eg tenkte at det er vel eg som er ein håplaus tullebukk. Eg tenkte at viss læraren seier det så må det vel vera rett.

Sjølvbildet var null etter dei åra, seier han. Som 15-åring rømte Johnny frå alt saman og stakk til sjøs.

Johnny tar det tilbake

Det tok mange år før det at han var av reisande slekt vart ein stor del av livet til Johnny. Det var ikkje noko snakk om det då han var til sjøs. Det var det heller ikkje då han gjekk i land igjen og begynte å jobba på anlegg.

Han må ha vore passert tretti, trur han, før han begynte å bli interessert.

– Det begynte med ei svensk facebookgruppe for reisande. Så balla det på seg.

Besteforeldra sitt møte med Misjonen

Johnny begynte med slektsforsking. Det har gjort at han forstått mykje meir – også om faren og kvifor han ikkje snakka.

Som så mange andre vart besteforeldra til Johnny sende til Svanviken. Etter opphaldet der skaffa Misjonen dei eit hus i Volda. Det var meininga av bestefaren skulle jobba på jarnstøyperiet, men det brann ned, fortel Johnny.

– Dermed blei han gåande utan arbeid, samtidig som han ikkje fekk lov å driva med det arbeidet han kunne frå før.

Johnny har fått tak i kontraktane som besteforeldra signerte. Dei skulle ikkje snakka språket, ikkje ha besøk av slekt. Til om med breibremma hatt var forbode.

Slektsforskinga har gjort at Johnny forstår meir av kvifor faren var som han var. Far til Johnny fornekta at han var tater fram til det siste året han levde. Då var det noko som skjedde, seier Johnny. – Då kunne han plutseleg seia «Ja, du veit, me er jo taterar me». Foto: Ingeliv Aadland.

Men det verste var at bestefaren ikkje fekk gjera det arbeidet han kunne. Utan inntekt stod familien i fare for å svelta i hel. Til slutt gjekk det ikkje lenger. Då reiste dei frå Volda. Det betydde at dei braut kontrakten med Misjonen.

– Straffa for det var at dei tok ungane. Dei tok dei fire dei hadde då. Seinare fekk dei seks til. Dei vart også tatt frå dei.

Det var ingen av dei ti som fekk veksa opp med foreldra?

– Nei, dei vart spreidde i heile Noreg.

Åleine i verda

Hans eigen far vart tatt frå foreldra då han var seks år gammal. Han vart først sendt til Jakob Walnum barneheim. Så kom han i fosterheim.

– Han fekk beskjed om at søsken og foreldre hadde gått bort, og at han var åleine i verda, fortel Johnny.

Då far til Johnny var 16 år rømde han til sjøs. Han besøkte aldri fosterforeldra etter det.

Ein ny bror

Johnny oppdaga noko anna også om faren. Før han reiste til sjøs hadde han gjort ei dame i nærleiken gravid. Far til Johnny var berre 15 år på dette tidspunktet.

Johnny fortel at han og søstera reiste til Evje for å finna den ukjente halvbroren.

– Me sette oss på ein benk utanfor Samvirkelaget og såg etter ein som likna på oss.

Fungerte det?

– Nei, sjølvsagt gjorde det ikkje det, seier Johnny og ler godt.

Då han var til sjøs oppdaga Johnny at han har lett for å plukka opp språk. Der lærte han seg engelsk, spansk og litt portugisisk. Sidan har han plukka opp romani. Foto: Ingeliv Aadland.

Seinare tok han likevel mot til seg å ringde halvbroren. Han visste ingenting om at han hadde ein annan far, men tok det fint.

– Han inviterte meg og søstera mi på besøk i båten der han budde. Me fekk god kontakt.

Seinare skreiv dei to brørne ei bok i lag om faren og familiehistoria.

I forfedrane sine fotspor

Viss ein går lenger tilbake i slekta har slektningane til Johnny reist både med båt og til fots, fortel han. Nokon av dei veit han kvar vandra. Han og kjærasten har gått mange av dei same rutene.

– Det er klart ein går jo å fantasera. Ein ser for seg at her gjekk dei og slik må det ha vore.

Han kjem nærmare dei slik. Til fots er avstanden den same som han alltid har vore. Vegen over Filefjell er like bratt no som då oldeforeldra hans gjekk der.

Har det endra korleis du ser på dei?

– Det har fjerna alt det negative.

Synleggjering

Han som vaks opp utan å vita, er no blitt opptatt av at andre skal få vita. Synleggjering har blitt Johnny si hjartesak. Store deler av fritida hans dei siste 20 åra har gått til å kjempa for det på ulike måtar.

Kvifor er det så viktig for deg?

– Me held jo på å gå i gløymeboka, heile romanifolket. Det er ikkje så mange som veit kva det er i dag. Derfor kjempar eg litt for det i det små.

Nestleiaren

Johnny har vore nestleiar i både Foreininga for Romanifolkets kystkultur og Landsforeningen for Romanifolket.

Begge gongane var det litt tilfeldig. Då han blei nestleiar i Foreininga for Romanifolket Kystkultur var han ikkje ein gong med i foreininga.

– Eg var på avdukinga av minnesteinen for gamle Rasmus Vardal. Der var leiaren, Alvin Eilertsen Viborg. Me hadde snakka litt i lag tidlegare. No huka han tak i meg og sa at «du skal bli min nestleiar». Så då blei eg det.

– For meg er det viktig å synleggjera at me var eit folk og er eit folk, seier Johnny Nilsen. Foto: Ingeliv Aadland.

Det gjekk føre seg på nesten same måte då han vart nestleiar i LoR, fortel han. Då var han med som gjest på eit av treffa deira. Etter han var komen heim igjen ringte leiaren og spurte om han ikkje ville verta nestleiar.

– Eg veit ikkje om det er noko med fjeset mitt som berre ser ut som ein nestleiar.

Veldig lite har endra seg

Johnny er ein roleg mann. Viss han seier noko kritisk om nokon legg han til etterpå at «men det kan henda det er eg som tar feil». Likevel er det enkelte ting han er klar på. Ein av dei er at staten har gjort for lite.

– Granskingskommisjonen sin rapport i 2015 var flotte greier, men det skjedde jo ingenting etterpå.

Har noko endra seg på dei åra du har vore engasjert?

– Det er veldig lite. Det er lite som skjer politisk og det er framleis lite kunnskap.

Han ser likevel eit lyspunkt:

– Me får meir aksept no enn det me gjorde då eg var ung. Det har endra seg.

Kjenner du nokon me bør skriva om, eller har du ei forteljing du vil dela?
Ta kontakt på redaksjonen@vandriane.no.

Det kostar både tid og penger å laga avis. Derfor set me stor pris på donasjonar, det gjer det enklare for oss å halda liv i Vandriane framover.

Siste