Gå vidare
NyheitJobb

Vil tilsetta rådgjevar i romani, romanes og kvensk

Noko for deg, eller nokon du kjenner?

Språkrådet har lyst ut ei fast stilling som rådgjevar innan minoritetsspråkfeltet. Den tilsette vil få ansvar for å styrka og synleggjera romani, kvensk og romanes.

I utlysinga skriv dei at ein vil få arbeida systematisk for at staten skal gje barn og unge vaksne ein betre moglegheit til å lera seg kvensk, romani og romanes. Så vel som ta initiativ som auker kunnskap og toleranse for det språklega mangfaldet i Noreg.

Den tilsette vil også jobba med å samla inn og systematisera kunnskap om statusen til- og bruken av dei nasjonale minoritetsspråka i Noreg. Ein må også belaga seg på å skriva høyringssvar på opplæringsfeltet, og på andre felt der språka bør tematiserast.

De kan lesa meir om utlysinga ved å følga lenka under. Søknadsfrist er 7. februar.

Fast stilling som rådgiver/seniorrådgiver på minoritetsspråkfeltet
(16.1.24) I denne stillinga vil du få hovedansvar for å styrke og synliggjøre kvensk, romani og romanes. Vi ser etter deg som er opptatt av språkli…

Siste