Gå vidare

Har laga TV-program på romani

SVT har nyleg lansert eit program der romske ungdommar fortel sine historier.

Bilda i programma er laga ved hjelp av kunstig intelligens, som det ovanfor. Foto: SVT

✏️
Tikknot randrat
SVT kammar kerat jikk nevot program døy romano tjavoar rakkrar omtus seros jiber.

Den svenske allmennskringkastaren – SVT har lansert ein ny TV-serie om rom og romanifolk.

– Me lagar TV på alle dei nasjonale minoritetsspråka - finsk, jiddisk, meänkieli, romsk og samisk.

Det seier Moa Frygell til Vandriane. Ho er programsjef for SVT minoritet.

– Så på svensk TV blir det faktisk sendt programmer på romsk?

– Ja, det finst eit minimumskrav for kor mykje TV me skal laga på kvart språk, så det blir det absolutt.

Stor variasjon

I Sverige skil ein ikkje mellom "rom" og "taterar/romanifolket". I staden reknar ein "romar" som èin minoritet, uavhengig av i kva område forfedrane har vandra.

Ein skil heller ikkje mellom "romanes" og "romani". I staden snakkar ein om "romska" (romani chib) som eit språk med fleire variantar eller dialekter.

Kale, lovari, gurbeti, resanderomani (rotipa), kalderash og arli er varianter av det dei reknar som romska.

Frygell fortel at når dei skulle laga Min Story så var det eit mål å få med heile den variasjonen.

– Kaleromskan, eller finsk romani, har ein lang historie i Sverige, men i dag er det veldig få som pratar det, og det får veldig lite merksemd. Det blei ein prestisjesak for oss å få det med.

Oppvekst

Min Story består av ti episodar. I kvar episode fortel ein person med romsk bakgrunn om korleis det har vore for dei å veksa opp.

– Me vil visa at det er stor variasjon i romsk erfaring. Samtidig ser me at det er ein del ting som er felles. Viss ein er open om at ein er rom så møter ein ofte fordommar om kva rom er og bør vera, seier Frygell.

Det er også andre måtar det å vera rom kan prega ein på. Frygell fortel at ein episode handlar om ei kvinne som er gravid. Hennar eiga mor vart mishandla då ho var på fødestova. Det gjer at kvinna sjølv er redd for å føda og redd for dei som skal hjelpa ho. Samtidig er ho også redd for at ho er ein "vanskeleg" pasient og forsterkar helsepersonellet sine fordommar.

Basert på ekte historier

Episodane er basert på ekte historier, men personane er anonymisert. Frygell seier at fordi det er eit så personleg tema, og ei sårbar gruppe, så var det nødvendig. Derfor er det stemmeskodespelarar som fortel historiene.

Men SVT har også gjort eit anna grep. Alle bilda ein ser er laga av kunstig intelligens (KI). Det er det først programmet på svensk TV som er laga på den måten.

– Kontrasten mellom det nære og personlege, og KI var noko me ville utforska. KI kan også vera ein spegel for våre eigne fordommar som samfunn, seier Frygell.

Min story er tilgjengeleg hos SVT.

Siste