Gå vidare

– Eilert Sundt er ikkje ansvarleg for ettertida

Vandriane har spurt mannen bak nominasjonen om kvifor han meiner ei slik bok skal vera nominert.

Eit gamalt portrett av Eilert Sundt. Foto: Falt i det fri.

– Har du fått med deg reaksjonane på nominasjonen din?

– Ja, og eg synest det er på tide at me les Sundt i nytt lys. Eg håper denne nominasjonen kan bidra til at fleire vil lesa Sundt, svarar Espen Stueland.

I samband med Klassekampen si kåring av venstresidas kanon, har litteraturkritikar Espen Stueland nominert boka "Beretning om fante- eller landstrygerfolket i Norge».

– Eg ante ikkje noko om desse sidene ved nominasjonen
Redaktøren av Klassekampen, Mari Skurdal, seier til Vandriane at ho ikkje kjende til dei kontroversielle sidene ved verken nominasjonen eller boka.

– Kvifor har du nominert ei bok som er å rekna som startskotet på ein lang og vond historie med tvangsassimilering for reisande?

– Det blir heilt feil å seia. Det har vore heilt grufulle lovar sidan 1500-talet. Det var blant anna lov å drepa dei, dette tar Sundt eit oppgjer med i boka. Eg synest det blir utruleg unyansert å gje Sundt skulda for alt, svarar Stueland og legg til:

– Eg er heilt einig i at det du sikter til er grufullt. Men det blir feil å gje Sundt skulda for alt. Ein bør problematisera det.

Stueland peikar på Sundt sitt arbeid med å få på plass meir humane lovar som eit døme.

Espen Stueland si grunngjeving i Klassekampen:

"Eilert Sundts «Fante- eller landstrygerfolket i Norge» (1850) hører hjemme i venstresidens kanon. Fantboka skildrer romfolkets levemåte og kultur, den fungerte opplysende om «de lavere klassers» leveforhold. Sundt økte politikernes kunnskap og vekket befolkningens empati. Forfatterskapet bidro til politiske og systemiske endringer for å bekjempe fattigdom. Sundt skriver levende, og han klarer å kombinere det litterære og saklige."

Ikkje ansvarleg for ettertida

Stueland er einig i at det er sider ved Sundt som bør diskuterast, men at det er viktig å skilla mellom boka det no er snakk om - og resten av verka til Sundt. Inkludert rapportane.

Anna Skjervum har skrive lesarinnlegg til både Klassekampen og Vandriane, der ho dreg fram ei lang rekke punkt ved boka og Sundt som ho meiner er kritikkverdige. Blant anna at dei Sundt kaller "fant" er eit "vrængebilde av et folk", eit "nationalonde", og koplar dei til spedalskhet, giftige urter og dyr.

– Eg meiner Skjervum misforstår det ho trekk fram.

For Stueland er det viktigare å forstå Sundt ut ifrå intensjonane hans, som han meiner var gode, enn å dømma han for effekten av dei.

– Sundt er ikkje ansvarleg for ettertida.

Ikke min venstreside
– Det er knapt til å tro at Klassekampens Espen Stueland nå nominerer denne boken til venstresidens kanon.

– Forstår du at folk som har levd med ringverknadene av Sundt sine idear har ei anna oppleving av verka hans?

– Kanskje me bør lesa verka hans og ta det der ifrå. Eg meiner det er mykje der som ikkje bør tolkast ut ifrå vår tid. Altså, det bør problematiserast, men det hadde vore fint om diskusjonen kunne tatt utgangspunkt i denne boka. Men for all del, det er jo ein forferdeleg historie.

– Burde ikkje du problematisert boka i nominasjonen din?

– Eg hadde ikkje plass til det.


Siste