I haust skal Klassekampen avgjera det dei meiner er venstresidas kanon. I samanheng med dette har dei bedd folk koma med innspel til kven dei meiner fortener plass.
Kilde: Wikipedia.
Blant dei nominerte finn me Eilert Sundts "Fante- eller landstrygerfolket i Norge". Ei bok som er å rekna som startskotet for ein over hundreårig historie med tvangsassimilering og forfølging.
Det er Klassekampens eigen litteraturkritikar, Espen Stueland, som har nominert boka.
Han meiner at Sundt med denne boka har bidrege til å auka politikaranes kunnskap, og vekka befolkningens empati. Han skriv vidare at forfatterskapet til Sundt har bidratt til systematiske endringar for å overvinna fattigdom.
Espen Stueland si grunngjeving i Klassekampen:
Eilert Sundts «Fante- eller landstrygerfolket i Norge» (1850) hører hjemme i venstresidens kanon. Fantboka skildrer romfolkets levemåte og kultur, den fungerte opplysende om «de lavere klassers» leveforhold. Sundt økte politikernes kunnskap og vekket befolkningens empati. Forfatterskapet bidro til politiske og systemiske endringer for å bekjempe fattigdom. Sundt skriver levende, og han klarer å kombinere det litterære og saklige.
Visste ikkje
Vandriane har bedd redaktøren av Klassekampen, Mari Skurdal, om å forklara nominasjonen:
– Denne boka er å rekna som startskotet på ein lang og vond historie for reisande i Noreg. Korleis kan de nominera ho til venstresidas kanon?
– Alle kan koma med nominasjonar. Dei er på ingen måte godkjent i redaksjonen eller av juryen, seier Skurdal og legg til:
– Eg ante ikkje noko om desse sidene ved nominasjonen eller boka, før i går kveld då eg fekk ein e-post om det.
Skurdal påpeiker vidare at det er debatt om nominasjoner og utval som er poenget, og oppmodar dei som reagerer på nominasjonen til å visa det og senda innspel til juryen.
– Fleire har reagert med å seia at de ikkje representerer deira venstreside. Har du eit svar til desse?
– Vis det fram! Skriv og skap merksemd om boka!
Skurdal har ikkje svart på spørsmål om dei vil trekka nominasjonen, eller adressera kritikken mot nominasjonen i Klassekampen.