Gå vidare

Velkommen til Vandriane

Då var dagen endeleg her, og me har gleda av å presentera Vandriane! Ei gratis og uavhengig nettavis som vil skriva om saker som angår folket.

Frå no av vil det komma nye saker jamt og trutt, så følg med!

Avisa vil vera ei felles plattform for det som rører seg både politisk og kulturelt. Innanriks og utanriks.

Vandriane håper å stimulera til- og opna for diskusjon rundt det som angår folket vårt. Avisa er uavhengig av foreiningane og politikk, og skal ta alle sine stemmer på alvor.

Avisa er gratis. Me som driv denne avisa tener ingen pengar på ho. Alt arbeid gjer me på frivillig basis.

Me har opna for donasjonar i form av månadlege abonnement. Dette er heilt frivillig, og ikkje nødvendig for å lesa avisa.

Vandriane kjem ikkje til å vera bak betalingsmur. Donasjonar går berre til drifta av avisa, ikkje til oss.

Me får ikkje støtte frå tilskotsordningane, og kjem heller ikkje til å søka om støtte frå tilskotsordningane.

Kva no?

Framover vil me som driv avisa fokusera på å finna ein måte å kombinera drifta med fullt arbeid elles. Derfor vil me ikkje sverja til noko fast publiseringsmønster heilt enno, då det står igjen å finna ut kor mykje me klarer gjera ved sida våre andre jobbar.

Vil du hjelpa?

Det er mykje arbeid å driva avis, og me set pris på all hjelp me kan få. Anten det er tips eller innspel. Me vil også veldig gjerne ha debattinnlegg. Alt kan sendast til redaksjonen@vandriane.no.

Kan du romani?

Viss du kan språket, og vil hjelpa til å omsetta artiklar inniblant, så set me utruleg pris på det. Me vil gjera vårt beste for at denne avisa skal bli ei kjelde til skriftleg romani.

Ta kontakt på redaksjonen@vandriane.no viss du vil vera frivillig omsettar.

Siste