Gå vidare

Slovakia har stemt mot likestilt utdanning for rombarn

Den dag i dag er framleis 65 prosent av rombarna i Slovakia i segregerte skular.

Det slovakiske parlamentet har røysta mot likestilt utdanning, og er no på kollisjonskurs med den europeiske unions domstol. Foto: Wikipedia

EU har for første gong kalla inn eit av medlemslanda for den europeiske unions domstolen på grunn av rasediskriminering, skriv ERRC.

Slovakia har, ifølgje Europakommisjonen, drive segregert utdanning av romfolk. Kommisjonen starta dei rettslege stega allereie i 2015. Likevel er framleis 65 prosent av rombarna i Slovakia i segregerte skular.

I 2017 bringa Europeisk Romani Rettigheitssenter (ERRC) og Amnesty merksemd mot segregeringa, men også mot feildiagnostisering av rombarn. Dei hevdar feildiagnostisering fører til at desse barna blir feilplassert i skular for dei med spesielle behov.

Kollisjonskurs

Trass i dei rettslege stega til Europakommisjonen, har ikkje Slovakia betra situasjonen. Det slovakiske parlamentet stemte den 9. mai mot ein reform som ville setta ein stoppe for segregeringa.

– Det slovakiske parlamentet har øydelagt håpet for å likestilla utdanninga for rombarn og sette seg sjølv på kollisjonskurs med den europeiske unions domstol, seier direktøren for Amnesty Slovakia, Rado Sloboda.

Europakommisjonen kalla Slovakia inn for domstolen i april. Saka er framleis under behandling.


Siste