Gå vidare

– Det er altfor ofte slik at folkegruppa sine stemmer ikkje blir høyrde

Det måtte ein akademikar til for at Stueland endra meining. Typisk og litt pinleg, meiner Anne Minken.

For mange er Eilert Sundt ein viktig sosiolog, for andre er han opphavsmannen til ein lang og vond kamp mot storsamfunnet. Foto: Falt i det fri/Redigert av Vandriane

Den pågåande debatten om Eilert Sundt avslørar eit svart hol i mange sin kunnskap om taterhistoria. For medan fleire ekspertar har kome på bana og sagt at dette er nytt for dei, har Sundt alltid vore knytt til tvangsassimilering for eit heilt folk.

– Kven er Eilert Sundt for deg?

– Startskotet for assimileringspolitikken, det er det han betyr for meg, seier Lillian Støen, sekretær i Taternes Landsforening.

Undervegs i debatten om Espen Stueland sin nominasjon av Eilert Sundt til venstresidas kanon, har fleire innrømt at dei ikkje kjende til den sida ved Sundt eller boka. Blant dei redaktøren av Klassekampen, Mari Skurdal, historikar og forfattar Jonas Bals, og Stueland sjølv, kjelda til heile debatten.

– Er du overraska over at dette er ukjent for så mange?

– Nei. Folk flest har veldig lite kunnskap om nasjonale minoritetar, dei færraste veit kva Noreg har gjort mot oss, seier Lillian Støen.

Likevel vedgår ho at det er sårt å sjå at det som er ein sjølvfølge for ho og så mange andre, er nyheiter for andre.

– Det verkar som arbeidet hans for assimilering har gått folk hus forbi, det er vanskeleg å forstå at folk kan heidra ein mann som han heilt ukritisk.

Trur biografane har vore for begeistra

Anne Minken har skrive doktorgradsavhandling om taterane i norden før 1850. Ho har ein teori på kvifor den andre sida ved Sundt er nyheiter for så mange.

– Eg trur det har blitt aktivt underkommunisert, for me har sett på han som den store pioneren innan samfunnsfag, seier ho og legg til:

– Eg trur heller ikkje det er så mange som har lese boka, dei fleste har nok lese om boka. Og om ein gjer det blir Sundt ofte framstilt som ein som vil folket vel.

Minken trur dette har skjedd aktivt og bevisst. Ved at biografane har vore begeistra for Sundt, og derfor unnlate å trekka fram dei negative sidene ved han.

Espen Stueland har sjølv skrive den kritikarroste sakpoetiske biografien "Eilert Sundt-tilstanden".

– Eg synest faktisk det er vondt

Då kritikken begynte å komma, forsvarte Stueland standpunktet sitt. Men no har han snudd. I eit intervju med Khrono gjer han kritikarane rett, og vedgår at han ikkje visste om kontroversane ved Sundt.

I det same intervjuet peikar han til Minken som årsaka til at han endra meining. Det meiner Minken er pinleg for han.

– Det kom to veldig gode innlegg frå Lillian Støen og Anna Skjervum, kvinner med bakgrunn i folket. Dei avfeia han nærmast, men då det kom nokon med akademisk grad la han seg heilt flat. Det er dessverre litt typisk, og litt pinleg, seier Minken.

Lillian Støen er einig:

– Eg synest faktisk det er vondt. Det Anna Skjervum og andre skreiv hadde ikkje noko betydning før Minken kom på bana, det var først då me blei høyrde. Det er altfor ofte slik at folkegruppa sine stemmer ikkje blir høyrde, og det må tyngre krefter til før noko skjer.

Vandriane har ikkje lukkast med å få tak i Stueland i samband med denne saka.


Siste