Etter fleire år med søknader og arbeid skal Romanifolkets Kulturforening (RKF) halda si første utstilling.
Formålet er enkelt:
– Viss du spør folk på gata så veit dei ikkje kven dei reisande er lenger, fortel leiaren av foreininga, Jean Igland.
Det vil RKF gjera noko med.
– Med denne utstillinga vil me opplysa dei yngre om kven reisande folk er, og overvinna fordommar hos dei eldre.
29. september
Utstillinga skal ta føre seg båtreisande sin historie, og startar opp den 29. september i Bergen. Datoen er ikkje tilfeldig vald. Opphavleg ville Igland at utstillinga skulle vera 8. april, den internasjonale romanidagen, men då søknaden om støtte ikkje blei ferdig handsama før i sommar, blei den noverande datoen den nest beste.
– Den 29. september for 511 år sidan finn me dei sikre første skildringane av reisande i Skandinavia, seier han og legg til:
– Det måtte bli ein av dei datoane.
Byråkratisk jungel
Å koma her til har ikkje vore enkelt. Igland kan melda om eit forferdelig byråkrati, og ein «ekstremt bratt læringskurve».
– Eg hadde ikkje noko foreiningserfaring frå før, så dette var nytt for meg.
Såleis har han prøvd og feila, fleire gonger.
– Me har prøvd å få pengar til dette ganske lenge. Det var eit av dei første prosjekta me begynte med.
Søknadstips
Med mykje prøving og feiling har Igland no lært av feila sine, og har eit tydeleg tips til andre som vil søka om støtte:
– Det er berre å teppebomba dei.
I alt har han prøvd og feila i to år. Opphavleg søkte han berre til eitt fond, men med avslag og seks månader venting til neste frist fann han ut at det var håplaust.
– Eg begynte å standardisera søknadane, og søka på fleire ordningar om gongen.
I sommar fekk dei endeleg napp.
Utstillinga vil gå frå 29. september til 18. oktober, og vera i Bergen Offentlige Bibliotek. Utstillinga er gratis.