Gå vidare

Sara har hatt framsyning om Svanviken i Slottsparken: – Følest ganske svært

Den årlege Høstutstillingen er noko av det gjevaste ein kunstnar i Noreg kan oppnå. Denne hausten er Sara Wilhelmsen med.

Foto: Borghild Aadland

– Det er eit stort publikum og ein flott arena for å løfta fram denne historia, seier Sara Wilhelmsen.

Saman med kunstnaren Liv Dysthe Sønderland er dei tatt med i Høstustillingen, med eit stykke basert på Svanviken arbeidskoloni, kalla "Du visker meg ikke ut".

– Korleis føles det å bli tatt med i noko slikt?

– Kjempestas!

Sara Wilhelmsen er skodespelarstudent og har tidlegare arbeidd fleire år som frilansar. Ho har lagt ned mangfoldige timar for å bevara og formidla kulturarva, gjennom både skodespel og utstillingar.

– Eg hadde ikkje halde ut viss det ikkje var viktig for meg.

Svanviken

I sjølve stykket teiknar dei opp eit rom med krittmaskin, basert på planteikningane til Svanviken. Dei har gjentatt det fleire gongar, i allslags vær.

– Strekane blir viska vekk av været, men gjentakinga er ei insistering på at me framleis vil fortelja historia.

Stykket finnest i både videoformat, og som ei framsyning. De kan sjå videoen nedst i saka.

– I framsyninga gjer me litt forskjellig. Me har blant anna lese opningstalen til Jacob Walnum frå då han opna Svanviken arbeidskoloni.

Foto: Borghild Aadland

Ein slags milepæl?

Dei har hatt framsyninga på torget i både Molde, Kristiansund og nå nylegast - Oslo, i sjølve Slottsparken.

– Korleis fekk de det til?

Det er jo eit godt prosjekt, og eg vil tru søknaden frå Høstustillingen til Slottet var god.

Så vidt Sara veit har det ikkje vore utstillingar i Slottsparken før.

– Det har vore søkt før, men dei har fått avslag. Derfor føles det ganske svært at me no får lov å framføra stykke vårt her.

I samband med utstillinga sette dei opp ein plakett med informasjon om Svanviken og historia.

– Det er viktig å få folk til å opna augo for denne delen av historia, seier ho og peiker til Eilert Sundt-debatten som eit nyleg eksempel på at det er behov for folkeopplysing.


Siste