Gå vidare

– Me har vald denne dagen for å markera folket si lange tilhøyrigheit til Norden

Til fredag skal Taternes Landsforening markera den historiske datoen, med blant anna musikk og appellar.

Skjermbilde frå den første nedskrivne kjelda om "thaatra". Foto: Stockholmskallan

Den 29. september, markerar Taternes Landsforening folket si lange tilhøyrigheit til Norden. Datoen er ikkje tilfeldig vald:

– Den 29. september, 1512, er første gong det står skrive noko om taterar i Norden. Derfor har me vald denne dagen for å markera folket si lange tilhøyrigheit til Norden, seier Lillian Støen, sekretær i Taternes Landsforening.

Boka det står skrive i heiter "Stockholms tankebok", og er ei bok der byrådene pleidde skriva ned diverse som gjekk føre seg i byen. I boka frå 1512 står det følgande om folket dei den gong kalla "thaatra":

Dei blei sagt å koma frå landet lille-Egypt. Dei hadde med koner og barn, nokre fekk babyer. Dei fekk bu i Sankt Lars sitt klubbhus og var tretti par. Hoffmannen deira heitte Anthonius, ein greve med grevinna hans. Dei var på herberget, med Lasse Matsson osv. Byen gav dei tjue mark.

Det er ikkje første gong dei markerer dagen. På 500-årsdagen var det stor markering i Dalsed i Sverige, fortel Støen. Dei var ikkje arrangørar då. I fjor var det også markering.

– Då var det mange som ikkje hadde kledd seg godt nok, seier ho og legg til at det ikkje er noko vergaranti den 29. september.

– Derfor blir det innandørs i år, i Magnor ungdomslokale.

Det vil bli musikk, taler og endå meir musikk.


Siste