Gå vidare

Klassekampen: Eit forsvar for «fantepresten»

Sundt kan være hard i klypa, men overordna er han forsonleg, skriv Stueland i Klassekampen.

Stueland er einig med Skjervum i at boka han nominerte, Eilert Sundts «Beretning og Fante- eller Landstrygerfolket i Norge» må lesast kritisk. Det skriv han i Klassekampen 26.09.

Han vedgår i lesarinnlegget til Klassekampen at ein del av boka er usmakelig, sett i lys av vår tid, og at han blir eit symbol for myndigheitas politikk ovanfor taterane. Utover det kaller han Anna Skjervum og Lillian Støen sine innlegg om boka tendensiøse. «Ingen av dei forheld seg til heilheita av den nominerte boka».

 Sundt kan være hard i klypa, men overordna er han forsonleg, skriv Stueland.

Han meiner Sundt har meir imøtekomande sider i den aktuelle boka, enn dei han blei kjend for seinare. Han hevdar blant anna at Sundt vel å portrettera taterane som enkeltmenneske, med formål om å trenga gjennom mytar i samtida. Nysgjerrigheita som ligg til grunn for dette, er den same som fekk han til å ville bli kjent med taterane i utgangspunktet, ifølgje Stueland.

Etter kvart blei myndigheitas intensjon viktigare. Sundt var einig, og meinte at «berre slik kunne dei få same stilling som andre folk.» Stueland fortset med å nemna at det ofte blei mykje konflikt då omreisande kom til avsidesliggande garder og ba om mat og husly. Han peiker til framandfrykt som noko av årsaka. Ifølgje Stueland var Sundt skeptisk til paralellsamfunn, då han meinte uvikrsomheit var rota til ondet. Det same synet hadde både Kyrkjedepartementet og Stortinget, meiner han.

«Retten til arbeid, blei sett på som middel mot armod.»

Ifølgje Stueland er dette kjerna i Sundts assimilering. Han meiner at Sundt såg det som uheldig at arbeidsføre skulle bli «almisselæmmer».

Stueland fortset med å seia at Skjervum forbauser han ved å hevda at Sundt såg ned på arbeid som feier. Ifølgje Stueland har Sundt påpeika feiaren er like viktig som å bygge pipa, og at Sundt var opptatt av å ikkje sjå ned på ulike yrker – for det kunne smitta over på dei som utførte arbeidet. Distinksjonen her er viktig for Stueland, for ha meiner det er eit verktøy for Sundt til å knusa fordommar.

Stueland ilegger Sundt noko naivitet. For etter fantefondet blei mislukka, då det viste seg at taterane ville tilbake til sin eigen livsstil sjølv etter staten gav dei pengar til hus og jord, foreslo Sundt tvangsarbeid.

«Det sundt skriver om tvangsarbeid, står seg ikke i dag», skriv Stueland.

Han meiner vidare at Lillian Støen sin påstand om at Sundt ønska å utrydda folket er ein grunnlaus anklage, og spør: «Korleis vil ho forklara Sundts kritiske gjennomgang av tidlegare lovar som ramma taterar?

Ifølgje Stueland skriv Sundt at lovane som gav folk rett til å avretta reisande var barbariske og grufulle.

Stueland er heller ikkje einig i at Sundt var startskotet på ein hardhendt politikk, tvert om meiner Stueland at han representerte eit eksplisitt oppgjer med grufulle lovar.

Han er også kritisk til at Skjervum gjer Sundt til «syndebukk» for staten si behandling av taterar. Han peiker blant anna til Martin Skou, som sjølv var tater og sa i samtida at mange taterar såg positivt på Sundt og arbeidet hans. Likevel vedgår også Stueland at Skou ikkje nødvendigvis er representativ for resten.

Han konkloderer med å påpeika at kanon ikkje betyr at ein trer ein glorie om hovudet på forfattaren. Og at det er viktig å unngå kansellering av boka grunna den viktige diskusjonen ho no har ført til.


Siste