Gå vidare

– Ein av dei viktigaste plassane me er gjennom året

Trass i eit ubehageleg møte med høgreekstreme, gjekk det bra for TL på årets Arendalsuka.

Det var eit vellukka seminar under årets Arendalsveka. Foto: Taternes Landsforening

Tradisjon tru var Taternes Landsforening (TL) å finna på Arendalsveka førre veke. Der møtte dei blant anna stortingsrepresentantar, statsministeren og høgreekstreme.

– Det har gått veldig bra, seier sekretær i TL, Lillian Støen til avisa.

Erfaring og åtvaring

Ho fortel at i år heldt TL eit seminar og deltok på ein paneldebatt i forbindelse med sannhets og forsoningskommisjonen sin rapport. Der formidla TL eigne erfaringar – og kom med ei åtvaring.

– Det er veldig aktuelt no, derfor har me vald å snakka om kva som er blitt gjort, eller rettare sagt ikkje gjort, seier Støen.

Det har vore knytt store forventningar til den nye rapporten. Det same hadde mange til NOU 2015-rapporten, ifølgje Støen.

– Men det blei aldri noko av tiltaka.

Kva er NOU 2015?

I 2011 oppretta regjeringa eit tater/romaniutval som leverte ein rapport i 2015 kalla NOU 2015:7 Assimilering og motstand.

Uvalet si oppgåve var å undersøkja og skildra utviklingen av norske myndigheiter, institusjoner, organisasjoner og andre verksemder sin politkk og tiltak overfor taterane/romanifolket fram til idag.

Kjelde: Wikipedia.

Derfor har dei gitt seminaret det passande namnet; «sannhet og forsoning - politisk besvær?». Vidare meiner TL at om tiltak blir sett i gang denne gongen, så bør dei inkludera alle gruppene som vart utsett for fornorsking.

Linn Iren Oland (i midten) er styremedlem i TL og deltek her i ein paneldebatt om sannhets og forsoningskommisjonen sin rapport. Foto: Taternes Landsforening

Over all forventning

Fleire stortingsrepresentantar deltok på seminaret. I tillegg har TL komme i kontakt med fleire politikarar utanom.

– Det har gått over all forventning, seier Støen om responsen frå politikarane.

Ho legg til at ho blei paff då spesielt ein stortingsrepresentant bad ho senda informasjon på e-post. Han sa at han og kollegaer ville setta seg inn i taterane si sak.

Jakob Benjaminsen frå Arbeiderpartiet og Tobias Drevland Lund frå Raudt deltok på seminaret. Og både Trygve Slagsvold Vedum og Jonas Gahr Støre har teke imot skriv frå foreininga.

– Etter denne veka sit me igjen med litt håp. Fleire av politikarane vil ha fleire møter, seier ho.

TL hadde også med seg ei vandreutstilling på stand. Foto: Taternes Landsforening

Litt drama

Veka gjekk likevel ikkje heilt udramatisk føre seg. Då Antirasistisk Senter skulle presentera ein rapport om ytre høgre var fleire kjente skikkelsar frå ytre høgre til stades.

– Det var fleire frå høgreekstreme miljø i salen, på eit tidspunkt reiste ei seg og begynte å skrika, seier Støen.

Ifølgje Filternytt er personen kjent frå fleire høgreekstreme miljø. Ho skal ha stira på raudtpolitikar Sofia Rana under panelsamtalen og skal så ha reist seg og ropt at ho blei angripen av Rana. Deretter blei ho tatt med ut av politiet. ​

Trass i at politiet var til stades, er ikkje Støen imponert over arbeidet deira. Ho meiner dei høgreekstreme burde blitt nekta inngang frå starten av.

– Kvifor er det slik at høgreekstreme får både gjerde og fullt vern, men eit arrangement som dette får ikkje lov å utvisa høgreekstreme frå salen ein gong?

Stabssjef, Vidar Arnesen, i Agder politidistrikt svarar følgjande på kritikken til Støen:

– Alle arrangement som inngår i Arendalsveka sitt program er opne for alle og har gratis inngang. Politiets oppgåve er å sørgja for at alle skal føla seg trygge og ivaretatte og passa på at det er ro og orden.

Han legg til:

– Ytringsfriheita står høgt i Noreg. Politiet kan ikkje berre bortvisa folk fordi dei har kontroversielle meiningar. Dersom ein forstyrrar eit arrangement eller vert sett på som ein sikkerheitsrisiko, så vil politiet kunna bortvisa. Kvinna som blei vist bort i Arendal forstyrra arrangementet.

Siste