Gå vidare

Vil du jobba med innsamling av kulturminne?

Tater-Milla sitt hus er eit eksempel på kva kulturminne kan vera. Foto: Anoo Glomdalsmuseet

Då har kanskje Glomdalsmuseet ein jobb til deg. Viss ikkje, har dei kanskje ein annan jobb til deg.

Sjå nedst på sida for lenkjer til begge stillingane.

Fagansvarleg ved museet, Mari Møystad, fortel at har dei fått midlar frå kulturrådet til å driva med innsamling av kulturminne.

Det er i samband med denne innsamlinga dei no har lyst ut ei stilling.

– Me søkjer nokon som kan vera ansvarlege for å finna kulturminne, seier ho til Vandriane.

Den ideelle kandidaten har tilknyting til kulturen, og litt erfaring frå museumsarbeid, fortel Møystad og legg til:

– Men det er ikkje noko krav.

Museumserfaringa kjem likevel godt med då den tilsette vil arbeida med digitale verktøy som blir brukt i museumssamanheng.

Dei vil også vekta personlege eigenskapar. Særleg evna til å arbeida sjølvstendig er viktig.

Treng ikkje høgare utdanning, men det er ein fordel

– Høgare utdanning er ønska, men ikkje eit krav. Me veit at dei med erfaringsbasert kunnskap ikkje nødvendigvis er dei med høg utdanning, grunna historia, seier ho og legg til:

– Derfor ser me først og fremst etter ein person som er godt eigna.

Ho forsikrar om at det er ein konservator som vil ha fagansvar, så den tilsette vil ikkje arbeida åleine.

– Det vil vera tre stykker som vekslar på arbeidet.

Trass i at dei er fleksible på krava, er Møystad klar på at det er ein prosjektlederstilling.

– Det vil sei at personen må ta ansvar for eige initiativ, og aller helst ha kjennskap til dei digitale verktøya.

Stillinga som prosjektmedarbeidar har ei varigheit på eit år.

Fagkonsulent

Museet har også lyst ut ei fast stilling som fagkonsulent.

Ulikt prosjektkoordinator er det ikkje eit uttrykt ønske om høgare utdanning eller noko særleg med IT-kunnskapar.

– Dette er i ei stilling me har hatt lenge, heilt frå me begynte å jobba med taterar.

Fagkonsulenten er helst ein person med bakgrunn frå folket, som bruker sin eigen kjennskap til kulturen i arbeidet.

– Ein del av jobben er å vera i kontakt med folket og formidla kva museet driv med, seier Møystad.

I tillegg til formidlingsarbeid vil stillinga innebera å bidra til samlingar og arrangement.

Fagkonsulent - Anno Glomdalsmuseet
Ledig stilling ved Anno Glomdalsmuseet Anno Glomdalsmuseet har et nasjonalt ansvar for formidling og dokumentasjon av romanifolkets/taternes kultur og historie.
Prosjektmedarbeider - Anno Glomdalsmuseet
Ledig stilling ved Anno Glomdalsmuseet Anno Glomdalsmuseet har et nasjonalt ansvar for formidling og dokumentasjon av romanifolkets/taternes kultur og historie.

Siste