Gå vidare

Får 100.000 til flytting av hus: – Draumen er at det skal bli eit kultursenter

Riksantikvaren rosar LoR for arbeidet med å redda romanihuset i Lillesand.

«De reisendes hus» var i bruk så nyleg som 2005. Foto: Privat

– Draumen er at det skal bli ein del av eit lite kultursenter, seier Lars Harstad til Vandriane.

Han er sekretær i LoR og har vore tungt involvert i skjebnen til «De reisendes hus».

I samband med ei utstilling hos Sjøfartsmuseet i Lillesand blei dei merksame på huset i utkanten av byen, som sto i fare for riving.

– Huset har ei litt spesiell historie, fortel Harstad om årsaka til at dei involverte seg.

Koloni

På tidleg 50-talet blei det bygd for å husa båtreisande som blei jaga på land. Dei fekk valet mellom dette huset, eller Svanviken.

– Såleis blei det ein heil koloni ved dette huset. Det var fleire skur og hytter på tomta. Nokon tok til og med styrhuset frå båten med seg og budde i.

Dessverre er alt dette rive no. Den same skjebnen sto også huset ovanfor, heilt til LoR kom på banen. Då var det berre fjorten dagar til det skulle rivast.

Harstad rosar eigaren som gav dei huset gratis, utsette rivinga og spelte på lag mens LoR begynte søknadsprosessen for midlar og flytting.

Riksantikvaren bidreg

No får dei i tillegg 100.000 kroner frå Riksantikvaren.

– Det er ein viktig del av kulturarven vår, seier Øystein Hagland i Riksantikvaren til Vandriane.

Hagland legg til at huset no er redda takka vera initiativ frå LoR og eit godt samarbeid med fylket, kommunen, museet og tomteeigaren.

Lars Harstad ser positivt på at så mange vil hjelpa dei med prosjektet.

– Det tyder på at dei ser verdien i prosjektet.

I sommar har dei hatt med seg fagfolk og sett over huset. – Utanom eit parti ved inngangen var det nesten ikkje antydning til rote eller lekkasjar, seier Harstad. Foto: Privat

Hastverk

Trass i god draghjelp og offentlege midlar, har det ikkje vore enkelt. Den dag i dag står huset på ei midlertidig tomt.

– Me jobbar med å få landa noko permanent, men det er litt av ei mølla å få ei tomt. Det er eit voldsomt byråkrati, og ting skal behandlast både her og der, og rundt om kring, seier Harstad.

I tillegg er det noko motstand i byen.

– Det er ikkje alle som vil ha noko «fantekåk» å glo på, men me har trua på at me skal lukkast.

Gjennom sommaren har dei blant anna skrapa og måla opp huset på ny. – Det såg veldig shabby ut på utsida, men det er i betre stand enn det ser ut, seier Harstad. Foto: Privat

Kultursenter

Draumen er å få ei tomt på Verven. Der ligg det allereie fleire maritime foreiningar, blant anna Kystlaget som har ønska dei velkomne.

– Dei båtreisande var ein del av eit maritimt miljø, og har ei historie dei på Verven ser viktigheita av å ta vare på.

LoR har allereie fortøyingsplass til ei skøyte der. Viss dei får eit hus ned også, ser dei moglegheita for eit lite kultursenter.

– Ingen andre foreiningar har noko slikt. Det hadde vore stort å fått til ein samlingsplass for aktivitetar og utstillingar.

Dei er godt på veg mot draumen, men har ikkje landa heilt enno, fortel han.

– Men me jobbar som berre pokker med å få det til.

Siste