Gå vidare

Desse får jobbane: – Gler meg til å få jobba med noko som kjennes viktig

Zara Vigardt og Lillan Støen er begge godt kvalifiserte for oppgåvene, og skal arbeida saman med å reigstrera kulturminner framover. Foto: Privat

I haust skreiv me at Glomdalsmuseet hadde lyst ut to nye stillingar. Dei såg etter ein prosjektmedarbeidar og ein fagkonsulent.

No er det klart kven som er tilsett.

Kunst og krimhistorier

Stillinga som fagkonsulent er ei fast stilling. Den har Zara Vigardt blitt tilbudt og takka ja til.

Vigardt er kulturhistorikar av utdanning, og har drive med både forsking og formidling. I tillegg har ho utdanning innan filmproduksjon.

På si skriv ho og ein makker om krimhistorier frå 1880-1920-talet. Historiene deler dei på sosiale medium under namnet "Vigardt og Steigan".

– Me ønskjer å løfta fram historier frå fattige og menneske som hamna på feil side av samfunnet. Det er viktig for meg å belysa vanlege menneske sine historier, framfor dei rike og kongelege som vanlegvis får mest spalteplass, seier Vigardt om prosjektet.

Reisande familie

Familien på farsida er reisande, og Vigardt har alltid kjent til familien sin historie.

– Det er fint at eg får bruka bakgrunnen min i ein jobb, og eg gler meg til å få jobba med noko som kjennes viktig, seier ho.

Vigardt meiner det kan vera ei utfordring at fordi mange frå folket ikkje vel høgare utdanning, så blir det ofte folk utanfrå som får jobbane med å offisielt forvalta kulturen.

– Det kan vera vanskeleg å setta seg inn i og forstå ein minoritet viss du kjem utanfrå. Det gjeld spesielt med den historia som romanifolket har. Eg håpar det at eg har den bakgrunnen, samtidig som eg også har erfaring frå heilt andre miljø, kan vera ein fordel, seier ho.

Lite kunnskap

Vigardt seier ho har inntrykk av at mange i akademia har lite kunnskap om dei nasjonale minoritene.

– Eg har hatt professorar som ikkje hadde peiling på kva folkegrupper som er blant dei nasjonale minoritetane. Mange veit ikkje forskjellen på romani og rom, eller kvenar og skogfinnar.

Generelt meiner ho det er for lite kunnskap.

– Eg bur i Oslo og eg merkar ignoransen som finnes. Det verkar som om mange har ein ide om at dei reisande er noko som høyrer til fortida, eller eventyr. Dei yngre veit lite eller ingenting, og dei eldre omtalar taterar svært nedlatande med ein tildekka kvardagsrasisme dei trur er innafor, seier ho.

Det å gjera fleire bevisst på kven dei reisande er, er noko av det Vigardt seier vert viktig for ho i den nye jobben.

– Eg håpar å bidra til at dei reisande sin kultur og lange historie kan nå lengre ut og bli synleg fleire stadar - ikkje berre i Elverum og i Hedmark-traktene.

Skal registrera kulturminne

Den andre stillinga, som prosjektmedarbeidar, er det Lillan Støen, som har fått. Støen fortel at ho i hovudsak skal koordinera registreringa av kulturminne. Stillinga hennar har ei varigheit på eitt år.

Framover skal ho samarbeida med blant anna Zara Vigardt og Mari Møystad, som er fagansvarleg ved museet.

– Det er mange som held på å registrera kulturminne. Framover vil me arbeida for ei samkøyring av dette, og gjera det enklare å finna fram, seier ho.

Mykje erfaring

Ein av dei andre som driv med registrering, er Taternes Landsforening, der Støen er sekretær.

– Korleis vil du skilja mellom dei to rollene?

– Eg har to arbeidsgjevarar som er vidt forskjellige og eg spelar ingen «roller», eg har konkrete arbeidsoppgåver, seier Støen.

Som sekretær i Taternes Landsforening, har ho mykje erfaring med å registrera slike stader.

– Me får heile tida inn nye liggesletter og buplassar. Det er eigentleg veldig mange kulturminne der ute.

Har hatt ein stor plass i Noreg

Både Glomdalsmuseet, Hauglandmuseet og Reisendekartet.no har jobba lenge med kulturminne. Taternes Landsforening har også eit prosjekt gåande saman med Drammen kommune, opplyser Støen.

– Der skal vi få opp skilt på slike kulturminnestadar, sier hun.

Formålet med å ta vare på alt, er ifølge Støen å synleggjera taterane sin historie i landet.

– For å ta vare på historia og kulturarven, må me gjera det tydeleg at me også har hatt ein stor plass i Noreg, seier ho og legg til:

– Derfor er det ekstra viktig å registrera dei fysiske stadane som er igjen, slik at me kan ta vare på dei.

Og om nokon veit om slike liggestadar eller buplassar, seier Lillan Støen at ho gjerne tar imot tips.

Siste