Gå vidare

Riksantikvaren er i gang med kartlegging av taterane sine kulturminne

Riksantikvaren skal kartlegga og eventuelt freda kulturminner etter reisande, og ønsker seg breiare forankring i folket.

Eit gamalt bilde av Tater-Milla sitt hus. Eit av få kulturminne etter taterane. Foto: Dagfinn Grønoset/Anno Glomdalsmuseet

Då Europarådets rammekonvensjon blei stadfesta i 1999 fekk Noreg fem nasjonale minoritetar – Riksantikvaren fekk fem nye arbeidsområder.

Sidan då har Riksantikvaren tatt minoritetane sine kulturminne ein etter ein. No er det taterane sin tur.

Dette er Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar

I 1999 slutta Noreg seg til Europarådets rammekonvensjon. Som ein konsekvens av dette blei fem minoritetar utpeika som «nasjonale». I konvensjonen er det ingen tydelege kriterium for kven som skal vera nasjonale. Noreg har vald å rekna minoritetar med lang historisk tilknyting som «nasjonale», ifølgje Store Norske Leksikon.

Såleis er jødar, romar, taterar, kvenar og skogfinnar å rekna som nasjonale minoritetar. Desse har staten eit spesielt ansvar for å vareta, både kulturelt og språkleg.

Kjelde: regjeringen.no og snl.no

Oppstartsfase

Sjølv om dei er i oppstarsfasen kan Øystein Hagland hos Riksantikvaren melda at dei arbeider aktivt i fleire fylke. Og at dei opplever sterk interesse frå akademia og museum-, arkiv- og bibliotek-sektoren (ABM-sektoren).

– Det er stor interesse og mykje kompetanse for det me skal i gang med.

– Korleis er det å arbeida med kulturminne der det er relativt lite byggverk igjen i terrenget?

– Kulturminneloven har ein bred og inkluderande definisjon. Me trur det er ganske mange bevarte kulturminne som kan vera representative for liva og historiene til taterane. Det kan for eksempel vera kulturminne knytt til næring, bustad og tvangsassimilering.

Hagland legg til at kulturminner også kan vera meir samansatte. For eksempel kan Spjellstuggu i Røros knytast til taterar som dreiv med hest på koparverket.

– Men me vil understreka at det haster å registrera dei kulturminna som finst, legg han til.

Kva no?

Framover skal Riksantikvaren jobba med å registrera og dokumentera alt dei kjem over. Og velja ut det dei vil freda. Dette vil skje i samband med fylkeskommunen, ABM-sektoren og representantar frå tatermiljøet.

Så langt er dei i kontakt med LOR, TL.

– Men me oss ønskjer breiare forankring, seier Hagland.

For å få breiare forankring vil dei bruka nettsida hyppigare enn tidlegare.

– På nettsida kan folk koma med innspel, ris og ros.

Følg denne lenka for å komma med innspel, ris eller ros til Riksantikvaren.

Siste