Gå vidare

Korleis ta bilde for avisa

Det er ikkje alltid me kan møta dei me skriv om. Derfor treng me av og til at de sender inn bilde til artiklar.

Her kjem ei lita forklaring som kan hjelpa deg å senda best mogleg bilde til oss:

  1. Alle bilde må vera i landskapsmodus – ikkje portrettmodus.
  2. Send gjerne eit ansiktsbilde.

Kva er eit godt ansiktsbilde?

Ta bilde frå brystet og oppover med eit ansiktsuttrykk som speglar humøret eller tonen i artikkelen. Er det ein artikkel om noko kjekt? Smil!

I tillegg til eit godt ansiktsbilde vil me gjerne ha andre bilde også. Her kan du gjera som du vil, men det kan vera lurt å hugsa på desse to tinga:

  1. Ikkje ta bilde i mørket. Dagslys er best. Innandørs lys er nest best.
  2. Tar du bilde av folk må me ha namnet deira. Det gjeld ikkje folkemengder.

Bilda kan du senda på e-post til redaksjonen@vandriane.no.