Gå vidare

Korleis skriva eit lesarinnlegg

Me vil veldig gjerne ta imot lesarinnlegg, men me må stilla nokre krav til innsendt stoff. Her kjem ein gjennomgang av ting det er lurt å tenka på.

Før du sender, kan du vurdera om dette heller er ei sak du vil bli intervjua om. I så fall kan du senda oss ein e-post og forklara kva det handlar om. Viss me er einige i at det er ei god sak så ringer me og intervjuar deg.

Viss du framleis vil senda eit lesarinnlegg, kan du følga denne sjekklista:

  1. Skriv ein samanhengande tekst.

Du treng ikkje anstrenga deg med grammatikken, me les uansett korrektur på innsendt stoff. Det viktigaste er at teksten er lesbar. Viss det blir vanskeleg kan du senda video/taleopptak, så kan me skriva av det du seier. Videoen eller taleopptaket vil ikkje bli publisert.

  1. Spør om lov til å bruka bilde.

Viss du legg ved bilde du ikkje har tatt sjølv, må du ha lov av personen som tok bilde. Send oss namnet på fotografen viss hen vil at det skal stå i avisa eller viss det er ein profesjonell fotograf. Du kan lesa meir om bildebruk her.

  1. Sørg for at fakta stemmer.

Me har ikkje kapasitet til å faktasjekka alt innsendt stoff. Derfor set me pris på at du passar på at ting som for eksempel årstal er riktig.

  1. Det er fint om du legg ved eit bilde av deg sjølv, men det er ikkje nødvendig.

Bonus:

Dette er ikkje nødvendig. Men om du nemner andre folk, er det ryddigast for alle om dei er innforstått med at dei kjem i avisa, og synest det er greitt. Viss du kjem med beskyldningar eller påstandar om andre må desse vera saklege og du må ha dokumentasjon på synet ditt.